Fusgur logo

Cozyroom31 (NEDLAGT)

April 2009
Cozyroom 31 (nedlagt)

Beliggenhet:   Majorstua
Kategori:
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 2.002.002.002.002.00
Karakter: 2.002.002.002.002.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Etter å ha motteke eit freistande tilbod frå nyopna Cozyroom 31, sette vi kursen mot Vestkanten ? klar for kulinariske opplevingar. Det skulle koste 298,- for 4 rettar, og heimesida hadde ein særs smakfull meny.

MO: Oooo kult lokale. Og, litt harry?? Det er liksom plysj på spegelen, her..
SD: Ja, det var litt kult. Litt ubestemmelig.

Første skuff kom ganske kjapt. Det synte seg at Cozyroom hadde endra meny, og hadde kun fleire smårettar på menyen. I tillegg var det ein skrivefeil i tilbodet vi mottok, det var 3 rettar og ikkje 4 som var tilbodet.

MO: Vel, eg går for 3 rettar uansett. Skal ha valuta for pengane!

EV hadde store problemer med å finne fram, så for å korte ventetida og stogge svolten, vart det forrettar på oss 3 som allereie var på plass. MO satsa på grillspyd med scampi, Sandra på ein salat og SD på chevre med tilbehør.

MO: Mmmm dette var godt!
Sandra: Det här var jo en stor portion! Jag blev jo nästan mett på förretten..
SD: Ja, dette var absolutt godt. Og mer enn nok!

Det synte seg til alt overmål at det kun var ein dessert tilgjengeleg, med følgande kommentar frå servitør om at ?i morgen har vi alle å velge mellom?. Vel, det hjelp lite når ein er på plass I DAG.
EV kom endeleg på plass, og fekk bestilt hovudrett. Alle valde entrecôte, men sidan EV var litt seint ute, fekk vi 3 andre maten først. Sandra var ridderleg og gav maten sin til EV, sidan ho allereie var litt mett frå første rett. Då biffen til Sandra endeleg kom, var den tilnærma rå inni og ho måtte sende den ut til kjøkenet igjen. Den kom attende i ein til dels forkulla form, men i det minste ikkje rå!
Desserten var også spanande. Litt mektig, men den gjekk stort sett ned.

Karakter: NG
Lokalet var for så vidt koseleg, og servitøren var også tilstade. Vi var om lag dei einaste som åt denne dagen, så det skulle berre mangle.. Men, det er for dårleg av ein nyopna restaurant å endre meny frå høgare restaurantnivå, til å berre ha smårettar og ein dessert. For ikkje snakke om at dei skulda på skrivefeil i invitasjonen, og at dei i tillegg kun hadde ein dessert som var mogleg å bestille.. Dette er rett og slett for dårleg. Ein bør i det minste oppdatere heimesida på slike ting. Og forkulla biff er heller ikkje noko å skryte av. Dette er nok ein stad som eignar seg best til ølling ute på den store uteplassen, som var godt utstyrt med varmelamper og tak. Det skal seiast at maten var heilt ok då den kom på bordet, men noko store hurrarop var det ikkje plass til.


Debatten dreide seg stort sett om å få styrt EV på riktig plass, etter maks uflaks på alle frontar med hensyn til kollektivtransporten. Dårleg opplegg av noko som hadde godt potensiale var også ein gjengangar. Vi får heller satse på at neste møte blir mykje betre! Vi kom rett og slett fram til at forventningane hadde vore ganske høge, og vi hadde gleda oss til eit godt tilbod og spanande ny restaurant. Vel, slikt straffar seg..


Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Gabi comentou em 6 d
Xantara 26.12.2016

Gabi comentou em 6 de maio de 2010 � s 12:28. O cinto ficou bacana. A bolsa que deu um tom over, eu acho. Tira a bolsa e deixa o cinto! (acho que at�© poderia ser de couro preto, mas mais deiaclda)

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no