Fusgur logo

Kafé Oslo

Januar 2009
Kafé Oslo

Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: Fancy husmann
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Ein kald og våt onsdag i slutten av januar, våga fusgur seg ut vestover, nærmare bestemt Kafè Oslo i Litteraturhuset. Forholdsvis enkelt å finne, og tydeligvis poppis. Hadde vi ikkje bestilt bord på førehand, ville vi fått problemer!

MO: Ikkje veldig flatterande lys frå den bokhandelen, kor lenge held den ope?

Vi vart sitande i ein koseleg sofakrok, og sikla over menyen før heile gjengen kom på plass. Vatn kom i glasa, og servitøren kom rimeleg kjapt på plass.

SD og Leif satsa på kylling i gryte med parmesanpotetpurè, MO prøvde seg på torsk med smørsaus og krydderier, EV våga seg på kjøtkaker med oliven og Sandra satsa friskt på canneloni, og håpa på det ikkje var altfor tjukk bechamelsaus til.
MO: Litt tvilande til kjøtkaker med oliven i, spanande.
EV: Vel, kjøtkaker med raudbeter i og liknande, er jo veldig godt. Eg satsar på dei veit kva dei gjer!
SD: Hvorfor får vi ikke mer vann? Hva med en mugge på bordet? Alle skulle jo ha vann?

Etter ei stund, kom maten på bordet og servitøren lova på tru og ære at ho skulle ordne vatn snarast. Vatnet uteblei, og det var nærmast umogleg å få kontakt med nokon andre servitørar. Det positive i det heile, var at alle smatta fornøgd av maten.

EV: Eg må sjølsagt få seie at mors kjøtkaker er betre, men elles var dei gode. Dei har gøymt olivenen godt, og tytebærsylta er eg litt usikker på om verkeleg er ?langsamt rørt?, men ellers godt.
MO: Torsken var PERFEKT! Smørsaus slår sjeldan feil, men dette var faktisk betre enn venta. Positiv overrasking.
Sandra: Bechamelsausen var inte så tjock alls. Riktigt gott, tycker jag. Inte helt säker på aprikosen, men men..
SD og Leif var båe samde om at kyllingen, sausen og tilbehøret var særs godt, og Leif drista seg til å seie at det faktisk var den beste samansetning av mat han hadde vore med på i fusgur-samanheng. Faktisk var det slik at vi, som ikkje hadde bestilt kylling, godt kunne spandere på oss eit besøk for å prøve den seinare.

Karakter: M-
Maten var ei positiv overrasking, men servicen var relativt laber. Servitørane var hyggjelege, men med fullt lokale klarte dei rett og slett ikkje å servere alle. Vatnet vart gløymt av, og kom ikkje på bordet før måltidet var over. Lokalet er heilt ok, litt vel mykje flombelysning frå bokhandelen som ligg open i tilknytning til restauranten, men koseleg med bøker rundt omkring.


Det ante oss at eindel forfattarar og forfattarspirer nok hadde tilhald her, nokon verka som om dei var godt kjent med både meny, servitørar og heile miljøet eigentleg. Rundt bordet gjekk praten om kva som eigentleg er den rette stavemåten på créme brûlée, kan ein skrive kafe utan Ž etc. Maten var dyr, men den bestod likevel. Det såg lite ut, men likevel vart alle såpass mette at dessert ikkje freista med det same.. Og det er jo alltid bra å bli positivt overraska over kvaliteten på eit måltid! Neste gong får vi satse på å sjekke om dessertene også held mål, for dette er ein stad som vi kan vitje igjen på eiga hand.

Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Cool gifts. I'm
Puss 26.12.2016

Cool gifts. I'm going to be nosy how much are they worth? You know MI;3L&9#s LOL :) I find that one house odd looking. I meand brick, wood and white? hmmm pretty yard though :)

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no