Siste møtet i 2008, vart lagt til Restaurant Eik, ein restaurant mange har sikla på i lang tid, men som har prisa seg ut av fusgur-marknaden! No skulle vi slå på stortromma og spandere på oss ein 3-rettars, forventningane var store!
Sjøl midt i julebordssesongen, fekk vi eit bord for 4 på ein fredag kveld. Trass enkelte misforståingar, kom alle fram i høveleg tid. SD hadde lågt blodsukker, og begynte nesten å ete serviettar for å stogge svolten før hennar betre halvdel dukka opp.
Servitøren svinsa rundt oss og passa på at vi hadde det vi skulle, og til å begynne med kom det ei helsing frå kokken i form av ein appetittvekkar. Det bestod av blant anna blomkålsuppe, laks og noe purè av noe slag.
MO: Vi set jo alltid pris på ekstra mat, utan å måtte betale meir! Og dette var godt! Fryktar eindel kvitlauk i den suppa, men ned gjekk den.
Til forrett bestilte alle steinsoppsuppe med grissini.
MO: Eg likar jo ikkje sopp, men denne var god og utan heile sopp. Veldig bra!
Leif: Den grissinen var jo helt knallhard? Den skal jo ikke være sånn?
SD: Nei, den skal ikke være sånn. Men suppa var fantastisk god!!
Vi ga beskjed til servitør, men kanskje litt for seint då alle hadde fått i seg mesteparten av maten.
Til hovudrett valde MO og EV posjert ørret, og SD og Leif prøvde seg på svinenakke.
EV: Dette var møre greier. Kva er eigentleg posjering?
Leif: Det er varmebehandling, men ikke koking. Er vel rett i gryta og opp igjen, mener jeg.
MO: Dette var jo veldig godt, ørreten er jo perfekt - og det var ein god risotto til.
SD: Jeg merker jeg angrer litt på at jeg ikke valgte ørret, jeg syntes dette var veldig salt.
Leif: Tror det er soyasausen din som gjør at det er salt, prøv å unngå den.
Det var heilt klart sausen som gjorde at den var litt for salt, kjøtet var heilt ok men båe følte at det var litt for lite spanande og at sausen vart litt for salt mot kjøtet.
Til dessert vart det hasselnøttmousse med krydderkake til EV og MO, og ostar til SD og Leif. Båe delar vart suksess, ingenting å utsetje på det.
Karakter: M+
Servicen var jo upåklageleg her, og maten var absolutt verdt pengane. Liten nedtur for kjøtetarane at det var såpass uspanande på ein såpass profilert restaurant, og at grissinien var så knallhard at den utgjorde fare for tannsettet. Elles var maten god nok til at det absolutt freistar med gjenbesøk ein annan gong!
Praten rundt bordet dreide seg stort sett om maten, jul og kosmetisk kirurgi på hundar. På eit tidspunkt såg vi også ein haug med utkledde folk fyke forbi, utkledde som nissar, julenek og juletre. Oppfinnsamt! Toalettet som høyrer til Eik, ligg ved baren og er absolutt fresht og moderne, kanskje litt for moderne for vår smak med til dels gjennomsiktige dører (det berre verka sånn, det var nok ikkje tilfelle) Ei hyggjeleg avslutning på året, og vi ser fram til nye restaurantopplevingar i 2009!
Brukeranmeldelser
Your answer shows re
Patch 25.12.2016
Your answer shows real inceeliglnte.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024