Vi la ut på oppdagelsesferd til Grønland ein fredag i byrjinga av november, for å teste ut det libanesiske og franske kjøkenet til Al-Barouk.
MO: Hm, kanskje vi er tidleg ute? Var kanskje ikkje vits i å bestille bord, er jo heilt tomt lokale?
SD: Det er nok litt for tidlig kl 18 på en fredag, helt klart.
MO: Det var jo ein veldig omfattande meny, eg har jo lyst på alt!
Etter lengre tids studie av den omfattande menyen, fann vi ut at vi kunne bestille 5 libanesiske mezze til å dele på oss 4 som allereie var på plass, medan vi venta på dei 2 siste konsulentane. Minus for at servitøren ikkje fortalde oss kva mezze som faktisk kom på bordet, men alt var godt og alle var nøgde.
MO bestilte Kafta til hovudrett, medan SD prøvde seg på den franske klassikeren coq au vin. Sandra satsa på lammekoteletter, medan dei resterande satsa friskt på lam- og kyllingspyd. Servitøren var ikkje enkel å få kontakt med, endå lokalet framleis var tilnærma tomt. Ingen kunne nok anklage han for å vere FOR serviceinnstilt?
SD: Ååå dette var godt, da vet jeg at jeg liker coq au vin.
MO: Dette her var også veldig godt. Det er jo ein type kjøtkaker av lam, men veldig god tomatsaus og mildt krydder utan at det blir smaklaust.
EV: Det var litt av nokre spyd vi fekk.. såg litt farleg ut, kanskje? Men veldig delikat anretta.
Sandra: Det kjøttet her var så MØRT! Jeg er veldig fornøyd.
Det kom litt fleire folk inn etterkvart, og då vart lokalet straks meir koseleg.
SD: Det høres litt mer ut som en restaurant nå, når det ikke bare er oss som sitter her.
MO: Ulempen er vel at servitøren er om mogleg overser oss endå meir enn tidlegare..
Til dessert vart det fransk sjokoladekake og den klassiske créme brûlée på bordet.
MO: Den kaka her var fantastisk! Så lett og god, den smeltar i munnen..
Sandra: Créme brûléen var helt ok, men ikke mer enn det.
MO måtte sjølsagt smake på det meste rundt bordet, og kunne seie seg samd i at kaka definitivt var betre enn den klassiske karamelldesserten til Sandra.
Karakter: M
Karakteren kjem IKKJE pga god service! Her har dei heilt klart mykje å gå på når det gjeld service. Vi vart til tider fullstendig ignorert, trass at MO på eit tidspunkt faktisk hang over stolen og sa høgt og tydeleg unnskuld? til han for å få litt oppmerksomheit. Men, maten er faktisk såpass god og delikat til den prisen, at dette er ein stad ein kan besøke igjen. Om ein har litt tålmod?
Debatten rundt bordet gjekk sjølsagt eindel på dårleg service, men vi fekk også høyre om ein nært foreståande ferietur til Kapp Verde-øyane for våre innleigde konsulentar. Misunnelse vart registrert rundt bordet, spanande reisemål! EV kom med gullkorn som at det er lettare å seie nei først og så ombestemme seg, enn ja og SÅ ombestemme seg. Fleire var samde om dette. Eit ja er mykje verre å ta tilbake når det først har unnsluppe. DHK vurderar på det sterkaste å innvie vår faste konsulent Sandra som eit ekte medlem, men fryktar at språk- og kulturbarrierar kan bli ei utfordring her. Vi har uansett trua på at desse hindringane kan overkomast, så vi tek det nok opp på neste møte. Julebord er fastsatt til 12.desember, og no ventar vi berre i spaning på forslag til kor turen kan gå.
Brukeranmeldelser
At last, somenoe who
Elly 25.12.2016
At last, somenoe who comes to the heart of it all
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024