Fusgur logo

Eataly

Oktober 2008
Eataly

Beliggenhet:   Aker Brygge
Kategori: Italiensk
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Ein måndag tidleg i oktober, var nesten heile DHK på veg til Aker Brygge for å prøve nyaste tilskot på restaurantstammen ved sjøen, italienske Eataly.

Vi fekk velge og vrake i sitjeplassar, det var slett ikkje fullt denne dagen. Men, det veit vi jo av erfaring -måndagar er visstnok dårlege restaurantdager.
Servitøren var raskt ute, og kom med menyar , brød og vatn så snart rompene var plassert i sofakroken.

MO: Eg trur eg har bestemt meg allereie. Krema saus og kylling med kvitlauk må jo berre bli bra?
IV: Er i tvil enno. Har eg lyst på pizza?
EV: Hm. Eg lurte litt på carbonara, men det er liksom ? anten vert ein særs skuffa, ellers blir ein positivt overraska. Og dei færraste overrasker. Kor er den beste carbonaraen i byen?
IV: Det er den eg lagar.
EV: Ok. Då er det vel ikkje vits i å prøve den her! Eg tek det same som deg, MO.

Servitøren var tilbake, og vi fekk vite han skulle til Mallorca på ferie snart, at det var opp til oss kva vi ville ete (IV hadde litt problem med å bestemme seg, men ho enda opp med carbonara) og generelt var han litt FOR kul for vår smak, det vart litt masete.

Maten kom på bordet etter relativt kort tid, og porsjonane var rikelege.
MO: Mmm, sausen var veldig god. Nett som eg likar det! Men, kyllingen var veldig tørr, det er ikkje bra.
IV: Eg klarar ikkje heilt avgjere kva som smakar sånn. Kan det vere for mykje pepar her, tru?
EV : Det var heilt ok, mektig saus.

Dessertane kostar alle kr 39,-, noko som må seiast å vere den rimelegaste dessertmenyen vi har sett hittil.

IV: Ja, vi MÅ jo berre! Kva om vi tek to ulike, og delar?
Vi klarte ikkje å freiste EV til å smake dessert, men MO og IV delte ein sjokoladekake med créme fraîche og ein tiramisu.
MO: Ja, vi forstår jo kvifor det er så billeg. Er jo bittesmå porsjonar! Men, det er heilt klart ein fordel. Det er mektige greier, og hadde eg fått dobbelt så mykje, fryktar eg at eg hadde ete opp alt uansett. Dette er akkurat passe!
IV: Den kaka vart heilt feil i min munn. Surt med créme fraîche, og altfor mektig kake. Tiramisuen smaka meir alkohol enn noko anna, eg er ikkje heilt nøgd?
MO: Eg syntes kaka var heilt ok, men måtte skufle vekk toppingen.. Tiramisuen var også ok, sjølv om eg definitivt har smakt betre.

Karakter: G
Prisnivået er heilt ok, og maten er også heilt ok. Ikkje meir enn det, og servitøren var litt for frampå for vår smak. Dessertmenyen får pluss for passe store porsjonar og rimelege prisar, men diverre gjekk dei ikkje heilt i mål med kvaliteten. Lokalet er veldig koseleg og innbydande, og det tok heller ikkje lang tid å få kontakt med servitørar denne stille måndagen. Eros Ramazotti song i eit behageleg lydnivå. Kan godt besøke staden igjen, men det er ikkje ein stad for å nyte eit betre måltid føler vi.

Rundt bordet gjekk debatten sjølvsagt i ventetida på maten, og tema spende denne gongen frå sjukdom til reglar i borettslag og nye naboar. Er det ikkje eit paradoks at bebuarar som er til stor sjenanse for andre leigetakarar, får bu i fred medan små dyr, som ikkje ein merker er tilstade, ikkje har lov til å bu i dei fleste bygårdar? EV har fått ein ny nabo som ho gjerne vil gi bort til MO, så då spørs det om ein må vurdere å henge i gangen til EV inntil han dukkar opp.. Vidare strategi hittil ukjent. IV slit med bronkitt nok ein gong, og hosta seg fint gjennom måltidet. Er ved godt mot, trass enkelte skjer i sjøen i det siste. Vi ønsker SD god betring, og reknar med ho er på beina igjen i tide til neste møte!








Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Bright bloodstream i
Cade 26.12.2016

Bright bloodstream intestinal mobility, pain, strength. Clear congested blood vessels around your rectum. Triggers: Push make a bowel movement, standing for a long, great method training treatment products: Suprositopies, creams, brown magician squeezes, barstool softeners, are also on a gloved finger ring with Vaseline and gently push it into the anus. If it is very annoying it can be operationally incised.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no