Fusgur logo

Riverside (NEDLAGT)

Juli 2008
Riverside (nedlagt)

Beliggenhet:   Løkka
Kategori:
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Med berre 2 av den harde kjerne og konsulent Sandra, hamna vi på Riverside denne onsdagen i slutten av juli. Ein stad i nærområdet som har sluppe unna vår verksemd, er sjeldan og bør ikkje forekome!

Vi fann oss fint til rette under trea i det fine vèret, med utsikt over elva. Enkle bord og stolar står her ute, medan inne er det litt meir solide ting og ganske koseleg, om enn lite, lokale. Servitøren verka noko uinteressert, men kom på plass ganske kjapt med menyar og tok opp bestilling på drikke.
Sandra og MO satsa på steinbit (utan at vi fann ut kva steinbit heiter på svensk) medan SD slo til på kylling med parmaskinke og mozarella. Drikka kom relativt raskt på bordet, og skravla fekk tida til å gå medan vi venta i noko som syntes uendeleg på at maten skulle dukke opp.

SD: Jeg er sulten! Det tar da fryktelig lang tid?
MO: Ja, det tek i overkant lang tid. Det er ikkje så mange folk her, eg håpar maten er god. Litt stive prisar, men greit nok.

Maten kom til slutt på bordet, og vi var takknemlege då paret på nabobordet valde å flytte seg, då dei sat og dampa røyk som sjølsagt hamna i andleta våre..

Sandra: Musslorna smakar inte så mycket, tycker jag.. Såsen smakar grädde, inte skaldjur? Men, den var god. Fisken var också god! Jag trodde inte det var tillräckligt med mat, men jag ser nu att det rekker?
MO: Det her var absolutt godt. Deileg med fisk. Eg er særs nøgd! No har eg nesten sleika rein tallerknen også..ups?
SD: Potetene mine er kalde.. det er for så vidt sausen også, men den var veldig god.

Med frykt for ustabile vèrfrontar, valde vi å hoppe over desserten og kome oss avgarde til neste stad for å ta ein kaffe og kanskje eit kakestykke. Dette trass heilt ok dessertmeny på Riverside, det er mogleg vi må attende for å teste dette ved eit seinare høve.

Karakter: M-
Uinteressert servitør trekk litt ned. Maten var god, men ikkje superb. Fisken kunne nok vore hakket meir saftig, og potetene litt varmare, men alt i alt er det eit godt måltid å få på Riverside. Lokalet er veldig intimt og koseleg, og eit absolutt pluss med uteservering når vèret tillet dette.

Trass berre 3 personar rundt bordet, mangla vi ikkje ting å snakke om. IVs og Bentes rai rai tur med danskebåten (Barnas Båt), svenskehandletur, foreståande feriar, tidlegare feriar og skifte av jobb var alle emne som vart omtala. Diverre er eindel emne underlagt streng sensur, så ikkje alt kan refererast. Slik er det berre. Turen gjekk vidare til Bugges, der tunge brownies stod for tur. Det kan nemnast at Bugges har ein ok meny som tilseier at vi nok kjem til å gå innom der ein dag for å teste noko anna enn dessertane..




Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
De acuerdo con lo es
Janais 26.12.2016

De acuerdo con lo esencial de la teoria Valdeanmagico.Pero queda algopor elucidar. ¿Quienes controlan esos campos de fuerza y realizan losprodigiosos viajes espaciales son máquinas o elementos vivos energéticos?Y añadiria a lo de que los humanos somos máquinas con capacidad de reraaclrnos,evolucionip,aprender y pasarnos informacion,la capacidad de amar y degozar con sensaciones de la vida.¿Pueden hacer eso las máquinas?Todo es demasiado complejo para resolverlo con esquemas.Saludos.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no