Fusgur logo

Sanguine

September 2008
Sanguine

Beliggenhet:   Oslo sentrum
Kategori: Internasjonalt
Mat: 2.002.002.002.002.00
Service: 1.001.001.001.001.00
Miljø: 1.001.001.001.001.00
Pris: 1.001.001.001.001.00
Karakter: 2.002.002.002.002.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
3-årsjubileumet for fusgur skulle feirast i sjølvaste Operahuset, på brasseriet i foajeen ? nærmare bestemt Sanguine. Forhåpningane var store til mat, service og lokale ? og vi gjekk med sommarfuglar i magen på veg over E18, på veg til å utfordre sansane i det kvite bygget.

Signe: Eh, var det ikke litt vel lyst her inne? Dette minner jo mer som en litt pynta kantine?
Alle sa seg samde i det, dei kunne gjort så mykje meir med det enn det som er tilfellet. Det var ganske tomt i lokalet, men likevel verka det ikkje som om servitørane på jobb hadde altfor mykje lyst å springe for oss.

MO: Eg satsar på havabbor. Det ser godt ut! Ok, eg har lyst på alt, men må jo bestemme meg.
IV: Trur dåkke eg kan få lammet, men med tilbehøret til entrecôten??
Signe: Det går helt sikkert. Er bare å spørre!

Glas måtte sendast ut pga flekkar på innsida, men det er slikt som skjer. Servitøren bør sjølsagt IKKJE demonstrere at han kanskje mistrur oss ved å begynne å gnikke på glaset foran oss.. Det skal også nevnast at han skjenka glasa særs ulikt, i tillegg til at han søla litt på bordet. Det tok også ei stund før dei glasa som ikkje var i bruk, forsvann frå bordet.

Det gjekk fint å få feil tilbehør til maten, men det skulle kanskje berre mangle når ein må ut med nærmare 250 kr for ein liten middag.

Signe: Hm. Lurer på hvem sitt hår dette er.. det er IKKE mitt, det er sikkert.
Og jammen, det låg eit svart lite og krøllete hår i maten hennar. Vi lot det vere enn så lenge, for det var ikkje aktuelt å vente på mat ein omgong til.

MO: Fisken var i alle fall god, sjølv om eg er svolten nok til å ete dobbelt av det eg har fått.
IV: Denne rotmosen var særs god, men eg likar ikkje heilt at det flyt smør rundt kanten her?
Sandra: Biffen var helt ok, men lite säg??
Signe: Ja, faktisk. Den er faktisk bittelitt for lite stekt for min del, men likevel er den littegranne seig.

MO åt sjølsagt litt frå alle tallerknar, som vanleg.

Servitøren tilbydde gratis kaffe til alle, etter at håret i maten vart påpeika. Vi takka nei, og ba om rekninga i staden.. Gratis kaffe?? Er det rart vi valde å hoppe over desserten?


Karakter: NG
Beklager, men Operahuset fortener betre enn dette. Maten er heilt ok, men det er meir kafèstil over måltidet ? berre til ein særs dyr penge! Lokalet er institusjonsaktig, med altfor mykje lys og ein type utestolar. Så flott utsikt er bortkasta på denne restauranten. Servitørane var heller ikkje frampå, endå lokalet var tilnærma tomt. Vi kan nevne i fleng andre stader som har betre mat, betre service ? til halve prisen! Dette freistar ikkje til gjentaking, og vi er flaue over at restauranthuset Operaen tilbyr dette til turistar og fastbuande. Ein skulle tru at etter så mange milliardar som ein har lagt i dette, at ein liten promille kunne blitt brukt til eit skikkeleg restauranttilbod.


Debatten rundt bordet gjekk for det meste i korleis Sanguine absolutt ikkje levde opp til forventningane, samt var vi innom emnet mannfolk nok ein gong. Har vore særs mykje ræl ute i sving dei siste månadane, men vi har trua på ein god haust. Skal vi setje opp avstemning over restaurantar som blir vald framover, eller skal vi halde fram med å velge kvar sin gong? Feiring av diverse bursdagar står for tur til helga, og vi satsar stort på hæla i taket og god stemning. Som alltid!






Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Whoever wrote this,
Githa 25.12.2016

Whoever wrote this, you know how to make a good arltice.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no