Etter å ha gått på ein smekk med fullbooka Sanguine på Operaen, valde vi etter kort tid å prøve Trancher - ein ny biffrestaurant nederst på Løkka. Denne onsdagen hadde vi med oss heile 4 konsulentar, og alle var svoltne på kjøt.
MO: Det var ikkje store menyen, akkurat. Men det gjer vel ikkje noko. Håpar kjøtet er så bra som dei skryt på seg det skal vere.
IV: Heilgrilla ku? Kan vel ikkje slå feil.
Servitøren var på plass raskt i det vesle lokalet, og fylde på med vatn og lurte på kva vi ville ha å drikke etterkvart som folk kom på plass.
IV: Dei burde late att døra. Det var liksom litt mykje bråk frå gata og trikken.
Så snart alle var på plass, var vi klare til å bestille. Servitøren forklarte menyen, vi kunne velge 2 storleikar med biff, og så tilbehør i tillegg. Han anbefalte at dei berre sat alle tilbehør og sausar på bordet, sidan vi var så mange. På den måten fekk alle smake det dei ville ha, og vart det tomt for noko så var det berre å seie frå så skulle vi få påfyll. Som sagt, så gjort. Alle var samde om å gå for hovudrett og dessert, heller enn forrett. Samtlige valde også 180 gr biff, då 250 verka i største laget.
Godt gulrotbrød, smør og maldonsalt kom på bordet, og alle smatta fornøgd. Nybakt brød med godt smør og salt er bra for å dempe rumlinga frå svoltne magar! MO forsynte seg sjølvsagt fleire gongar.
Etter ei stund kom tilbehør og sausane på bordet, før varme tallerkner og biff dukka opp. Biffen er heilgrilla entrecôte, rosastekt og mør. Dei som ønska den godt steikt, fekk den litt ekstra svidd på grillen i tillegg ? framleis mør. Alle smakte på det meste, og fann ut at 180 gr rekker fint til å stogge svolten..
MO: MMM det var mykje smør i den bearnaisen, akkurat som det skal vere! Må seie at peparsausen faktisk var utruleg god, den fall eg for.
Leif: Hva skjedde med rødvinen vi bestilte til maten?
SD: Tror de har glemt oss?
Ei lita påminning til servitøren gjorde at vinen raskt kom på plass, allereie no var nemleg det vesle lokalet ganske fullt utan at det er ei unnskuldning.
IV: Er det parmesan på dei fløytepotetene? Det var kanskje litt i overkant mykje.
Mamma IV: Eg foretrekkjer dei vanlege potetene, får jo ikkje smakt sausane med dei potetene som flyt rundt i fløyte og ost..
Solveig: Aaaaa eg er mett! Magen står jo på spreng! Eg klarar ikkje dessert, hadde ikkje fått ned ei SKEI eingong..
MO, EV, SD, Leif og Lene våga seg på dessertmenyen medan Solveig rulla seg i sofaen, med kjøtsmerter i magen.
SD: Helt klart créme brûlée. Det må det bare bli!
MO: Eg hadde store planar om tiramisu, men sjokolademousse såg ofseleg godt ut, det også..
Det vart sjokolademousse på MO, EV og Lene, medan Leif og SD meska seg med ein litt for kald, men ikkje kjøleskåpskald, créme brûlée. Kaffen smakte vel godt, men stort minus for kafferander i dei kvite koppane. Leif var heldig og fekk rusk i sin kopp, men fekk snart ein ny. Som var like ruskete... han tok servietten i eigne hender og tørka av koppen, kanskje dei bør vurdere ein ny oppvaskmaskin?
MO: AAAAA nice!!! Den var mektig, men god..
Lene: Klarte du å spise opp hele?!?
Det var delte meiningar om korvidt det var positivt at kaffemenyen kun bestod av vanleg kaffe. SD var litt skuffa pga mangel på latte, medan EV kom med ei lang utgreiing om kor praktisk det er med få valgmuligheiter , spesielt i litt bedugga tilstand. Då slepp ein å velge feil og tenkje så mykje.
Karakter: M
Lokalet er lite, men hyggjeleg. Servitørane er svenske (sjølsagt) og særs servicevennlege. Litt minus for gløymd raudvin og ymse, men generelt veldig bra. Biffen er absolutt mør nok, eit pluss for å tilby alt av tilbehør og sausar til ei større gruppe slik at alle får prøvd det meste. Prisane er absolutt ikkje skremmande , og dette er ein stad det fint går an å vitje igjen i ufusgurske samanhengar! Det er eit fåtal rettar å velge mellom, det er jo biff som står på menyen. For dei som ikkje ønsker det, kan ein få forrettane i stor porsjon ? men det var berre 3 å velge mellom, så det begrensar jo sjansane for å tilfredsstille dei som ikkje ønsker å meske seg med raudt kjøt..
Debatten summa heile tida rundt bordet, slik det gjerne blir med 8 stk i eit selskap. Solveig fortalde om fortvilte forsøk på å finne seg ein stad å bu, medan mamma IV formana MO om å passe på IV på laurdag slik at IV klarar å kome seg opp til familieselskapet søndag. MO lova på tru og ære å gjere sitt beste, men oppgåva kan vise seg i største laget.. Lene kunne berette om nyleg ferie i Sugar Land og FN-tjenestereise til Sveits til imponerte tilhøyrarar. Det vart og konstatert at vi vil ha meir skryting, både av andre og sjølvskryt, og at det er viktig å introdusere andre med thoughtful detail. Alternativ NC-festival vart også diskutert, og EV vart kanskje overtala til å bli med resten av gjengen nedover til Sørlandet. I år blir det Peace and Love Camp, det kan ikkje bli anna enn bra.
Brukeranmeldelser
The answer of an exr
Holland 25.12.2016
The answer of an exrtep. Good to hear from you.
God ku
MO 28.03.2011
Har også vore her eit par gongar etter vårt besøk, og slik eg har opplevd det har biffen alltid vore særs god - og det til ein forhaldsvis rimeleg penge!
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024