Ein fantastisk sommardag, faktisk 1.juni, var DHK på veg til Grønland for å teste ut Olympen. Fleire gongar har vi vorte avvisne pga stor pågong, men det syner seg at søndag er ein stille og roleg dag. Kanskje det også hadde litt å gjere med at tempen låg på nærmare 30 grader, og folk foretrakk kanskje strandlivet?
EV, IV og MO var på plass før tida, det var berre å velge og vrake blant plasser å sitje. SD kom 5 min for seint men ho ankom på respektabel måte, susande i ein taxi.
EV: Det var veldig stilig her inne, litt kræsj med brune veggar med gamle måleri og svæææære lysekroner? Men kult. Deileg med opne dører ut til friluft.
Servitøren var på plass, men det var heilt klart søndagsmodus på dei som var på jobb denne kvelden. Han daffa nærmast bortover med menyer, men fylde på vatn i glasa våre og sørga fort for ein mugge kaldt vatn på bordet. Han kunne ikkje dagens utanat, men fekk med seg ein papirlapp med informasjon frå kokken som han las opp.
EV: Eg tek ein dagens kjøt -svinekam.
IV: Det same her.
SD: Jeg har lyst på dillkokt oksebryst!
MO: Ohh, vanskeleg å velge men eg trur det må bli uer.. Nokon som veit kva plukkfisk eigentleg er?
Trass IVs forklaring på kva plukkfisk var, stod MO over og satsa på uer. MO gulpa opp ein heil masse kunnskap om lokala vi no sat i, så det vart eit lite historisk sus og EV sat desto meir pris på dei slitne måleria og lokalet.
IV fekk uønska oppmerksomheit frå litt slitent klientell, ein relativt bedugga ny nordmann, med kompisar og dottera på slep, fall pladask og syntes ho var særs vakker. Då det ikkje hjalp med kompliment, tok han likså godt å putta ei krone ned i overdelen hennar utan at ho vart noko anna enn meir forarga. Servitøren spurte om det gjekk bra, og sjølv om vi tydeleg var plaga gjorde dei ikkje noko teikn til å ordne opp i saka. Mannen gjekk heldigvis etter kort tid, og roa kunne nok ein gong senke seg og maten stod på bordet.
MO: Mmmm! Dette var veldig, veldig godt! Blomkålpurè er undervurdert, fisken var god og fersk spinat er også godt til.
SD: Det var veldig godt, jeg er positivt overrasket. Tror kanskje kjøttet er røkt og så kokt, eller noe sånt? Veldig mørt og fint.
IV: Oh, kjenner at det var sennepssaus på den svinekammen her. Men, godt var det.
EV: Absolutt godt, dette er betre enn eg trudde. Dei anmeldelsane eg har lest, fell litt på plass no. Husmannskost, men på ein litt meir fancy måte.
Alle åt seg gode og mette, og noko dessert var det ikkje plass til om så var. Det høyrer med til historia at SD fekk ein særs god kaffe latte, faktisk av dei beste ho nokonsinne hadde fått. Stort pluss for det!
SD: Burde de ikke spørre om vi vil ha dessert?
EV: Kanskje det ser ut som vi ikkje treng det?.
Alle var for mette til å tenkje på dessert, men det er vel vanleg at servitøren i det minste spør ? om så bukseknappen står på spreng. Men søndagsdaffinga haldt seg, det var ikkje mykje stress i lokalet.
Karakter: M
Her er det maten som får god karakter. Det var ein raus nok porsjon, veldig god mat som metta godt. Men vi håpar det er litt meir futt i servitørane til vanleg, for det gjekk ikkje fort i svingane. Dette er uansett ein plass som er verdt å ta turen til fleire gongar.
Praten rundt bordet bestod i litt sladder frå alle kantar. EV har investert i feriebustad i det store ytland, som står klar til neste år. Kanskje ein utvida fusgur-ekspedisjon er verdt å tenkje på? Det vart også eit stort uro-moment med uønska oppmerksomheit frå fulle menn, det er rett og slett ufint gjort å prøve å sjekke opp damer ved hjelp av kronasjar på den måten. Vi lurer på om Olympen har ope uteservering om sommaren, det hadde nok vore ein særs god idè, dei har nemleg fine lokalar også i 2. og 3.etasje, som nok kunne ha trukke eindel tørste folk. MO fyk avgarde til kaldare strøk til veka, og lover å kome attende med fusgurerte minner også frå gourmetrestaurantar i nord. EV prøvde å vere hemmeligheitsfull med hensyn til neste møtet, men vi klarte snart å overtale ho til å avsløre sitt val for fusgur neste gong. Vi ser fram til meir god mat og positive opplevingar!
Brukeranmeldelser
Your posting really
Tessa 25.12.2016
Your posting really stnagihtered me out. Thanks!
Innfrir
MO 28.03.2011
Vore her eit par gongar sidan sist, også i forbindelse med jobbarrangement. Var nok ikkje alle som var veldig fornøgd med meny-valet sitt (fiskeretten var litt kjip), men alt i alt var det god husmannskost til ein ok penge i eit flott lokale.
Stabilt
EV 27.06.2010
Eg har vore tilbake her nokre gongar sidan vi fusgurerte Lompa i 2008, og dei leverer alltid! Er også gøy plass for ølglade med sitt breie sortiment. Mørkebrunt interiør, raude plysjgardiner, digre krystallysekroner og nordlandsservitøren dreg også opp.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024