Fusgur logo

Amundsen og Nobile (NEDLAGT)

April 2008
Amundsen og Nobile (nedlagt)

Beliggenhet:   Frogner
Kategori: Italiensk
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Ein varm måndag i slutten av april, våga fusgur med konsulentar seg ut på tur til argaste Vestkanten for å besøke Amundsen og Nobile, ein av dei få restaurantar som har ope på måndagar. Inneklemt mellom fasadar til oppussing, fann vi den italienske trattoriaen som reklamerar med italienske kokkar og servitørar ? noko som viste seg å ikkje berre vere udelt positivt.

MO: Eg har lese menyen på nett, men det einaste som skjedde var at eg begynte å sikle.. det ser ut som det er mykje godt her!
IV: Ja, eg las også menyen på nett. Men er framleis usikker på kva eg skal våge meg på. Kalv indrefilet høyres jo godt ut?
SD: Tror det kan være litt farlig, er det som i Italia får man servert kalv. Punktum. Tilbehør er ikke nødvendigvis med, og må bestilles ved siden av.

Varmt brød kom på bordet. IV prøvde fortvila å få tak i smør, men det synte seg umogleg- det einaste vi klarte å oppdrive, var olivenolje. Den var til gjengjeld veldig god, så det vart godteke.

Det vart til at Solveig våga seg på laks, EV, SD og IV køyrde ein safe carbonara, MO satsa på gnocchi med mozarella og tomatsaus, Sandra satsa på blekksprut med reker (modig val, ifølge dei andre ved bordet!) og Magda køyrde pizza bolognese.

Solveig: Laksen var litt for tørr? men potetene var gode då, det var liksom heilt greit?
SD: Carbonaraen var veldig god! Men, vi må jo ha kvernet pepper på? Hvor finner jeg det?

Peppar og parmesan kom på bordet etter at vi etterlyste det, er det ikkje vanleg at italienske restaurantar tilbyr dette automatisk?

MO: Gnocchien var i alle fall god, då veit eg at eg likar gnocchi!

Sandra var veldig nøgd med sin blekksprut, medan pizza bolognese var heilt ok. Ikkje meir enn det.
Alle vart mette og gode, men servicen tok si tid. Til å vere måndag, vart det ganske fort fullt lokale og det blir jo litt god stemning av dette, utan at det har positiv innverknad på servicenivået.

Til dessert vart det komplikasjonar då Magda forsøkte å bestille kaffe mocca, og endte opp med ein kaffe og ein sambuca..? Litt problem med språket når alt går på gebrokkent engelsk, tydelegvis. Men alt løyste seg, og det vart tiramisu istaden. Tiramisuen var absolutt god, om ikkje den beste vi har smakt. IV våga seg på semifreddo limone, noko som var ein ubetinga suksess, medan fleire prøvde ein sjokoladesuffle som stort sett var som ein sjokoladefondant. Veldig bra med flytande varm sjokolade i midten på sjokoladekaka, då vert jentene glade!

Karakter: G+
Lokalet er heilt ordinært, men det er absolutt koseleg stemning og hyggjelege servitørar. Stort minus for treig service, pizzaen kom 5 min etter at alle andre hadde fått mat og ingen synte teikn til at den var på veg eller beklaga at det gjekk seint. Det tok også si tid å få betalt, så dette er slett ikkje bra nok! Maten var heilt ok, men langt frå eksepsjonell. Prisnivået er ikkje avskrekkande, men einskilde rettar er ganske høgt prisa.

Rundt bordet gjekk praten livleg som vanleg, oppdatering frå siste tids krøll og bøll måtte sjølsagt fram, og MO hadde hatt ei helg full av elendige sjekketriks. Oppfordring til menn om å oppføre seg normalt, og ikkje prøve å sjekke opp damer på steinaldervis. Det funkar sjeldan. SD skal ut på farten til Risør til helga, og skal dullast og stellast med ei heil langhelg. Ho ville gjerne tilbake til restauranten berre pga semifreddo limone som ho meinte var betre enn all den andre maten/desserten vi fekk servert. Magda driv dank for tida og nyt livet, men reknar med draumejobben kjem i boks ganske snart om lag samstundes med draumeprinsen? Liv og røre er det i alle fall på alle kantar, og fleire ytra ønske om ferietur i nær framtid. Det kan jo opne for fusgurering på fleire kontinent!







Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Home run! Great slun
Carlee 25.12.2016

Home run! Great slungigg with that answer!

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no