Fusgur logo

Planet Bollywood

Mars 2008
Planet Bollywood

Beliggenhet:   St.Hans haugen
Kategori: Indisk
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Regnet var til tider i sidelengs variant denne søndagen i slutten av mars. Den harde kjerne, samt konsulent Sandra, tok turen til Planet Bollywood, rett ved St.Hanshaugen.
SD var nesten på veg til Grønland, men tok heldigvis seg tid til å ringe MO for å dobbeltsjekke adressa. Dette førte til at SD var på plass i god tid før resten, og måtte korte ned ventetida med lassi ? ein youghurtdrink med mango i, som nok kan reknast som forrett så mektig som den var.

Servitøren var raskt på plass, og tilbydde oss eit bord ved vindauget som var ledig. Lokalet ligg i 2.etasje, så vi hadde god utsikt over Ullevålsveien. Bestillingar vart gjort, og på bordet kom det ? utan at vi behøvde bestille ? papadums med 2 ulike typar dip. Vi set pris på slike ekstra gester, dei er diverre særs uvanleg i Noreg!
Medan vi venta, var det berre å nyte utsikta over regn og vind, samt grønsaksforretninga på andre sida av gata.

MO: Milde himmel. Vi har ein string-situasjon på gong?

Det synte seg at vi hadde litt for GOD utsikt. Jenta som arbeida på andre sida av gata med å fylle på grønsaker, flytte kasser etc hadde teke på seg ei litt for låg bukse. Kombinert med ein høg string og kort genser, vart dette rett og slett litt i overkant. På eit tidspunkt såg vi mykje meir enn vi likte, dvs heile skinka var utanfor då ho stod på huk. Nabobordet fekk også auge på dette, og vi lo alle like godt. Skjønt, ein time med slik utsikt var kanskje i overkant??

MO, EV og Sandra våga seg på styrke medium pluss på henhaldsvis Lam Rogan Josh, Chicken Tikka og Chicken Korma medan IV og SD satsa på medium på Chicken og Lam Karahi.

EV: AAAA dette var kanskje i overkant sterkt?
MO: Eg tykte det var akkurat passe. Det er såpass sterkt at det svir på leppa, men framleis på ein god måte.
SD: Dette var mer enn sterkt nok for meg, men så er jeg litt pingle også da..

MO måtte sjølsagt teste SDs mat, og kom fram til at det var veldig godt, men ikkje veldig sterkt.

EV: Det vart betre når kyllingen og risen kom inn i biletet, dette var godt!
IV: Det her var ikkje sterkt i det heile teke! Eg skulle vald medium pluss..
Sandra: Nja, jag tycker det var lite stärkt, men inte for mycket - det var gott!
SD: Dette er faktisk av de beste indiske restaurantene jeg har vært på!

Karakter: M
Porsjonane var rausare enn dei såg ut til, kjøtet var mørt og maten var generelt veldig god. Alle rettar kunne bestillast i mild, medium, medium pluss og hot. Er du glad i sterk mat, så må du opp i medium pluss. Til og med dei som ikkje er spesielt fan av indisk mat, fann mat dei likte godt. Koseleg lokale, hyggjeleg (indisk?) personale, med Bollywood ?filmar som rulla over skjermen og bilete av ymse indiske Bollywood-stjerner. Dette er ein stad det er verdt å besøke. Påfyll av vatn kom stadig i glasa utan at vi nokon gong måtte spørje etter det.

Debatten dreide seg naturleg nok eindel om stringdama på andre sida av vegen. Det var rett og slett ikkje mogleg å halde latteren tilbake i dei argaste tilfella, og vi ber herved alle om å revurdere bruk av høg string i kombinasjon med låg bukselinning på arbeid. Med på kjøpet, fekk vi også sjå ein hund som rett og slett urinerte på ei kasse meloner på same grønsaksbutikk. Merkeleg at eigaren på det tidspunktet lot til å vere både blind og døv, og berre lot det skje før ho gjekk vidare.
Vi var også innom sløsing i organisasjonsNorge, og korvidt idealistiske organisasjonar slett ikkje alltid køyrer dei mest økonomiske løysingane. Burde dei ikkje tenkje seg fleire gongar om, når dei trass alt lever av pengegåver? Burde ein ikkje rett og slett vere såpass idealistisk, at ein brukte midlane i størst mogleg grad på å hjelpe ? istaden for å sløse på intern tankeløyse?





Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
I have a suggestion
Fidelia 26.12.2016

I have a suggestion for the frozen apple pie fih&engl#8230;wlin you have vanilla ice cream, heat some pie filling in the microwave and put over the ice cream…apple pie ala mode, without the crust!

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no