Fusgur logo

Bambus (NEDLAGT)

Januar 2006
Bambus

Beliggenhet:   Majorstua
Kategori: Kinesisk, thailandsk, vietnamesisk.
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Glatt og guffen var denne onsdagen då fusgurs harde kjerne tok mot til seg for å besøke den berykta Vestkanten. Åstaden for fusgurs første møte i 2006 var satt til Bambus, ein restaurant midt i tjukkaste Kirkeveien (Kyrjevegen?) som tilbyr rettar frå ulike asiatiske land. Bord var bestilt på førehand, noko som synte seg å vere eit smart trekk då restauranten var stappfull av svoltne borgarar ? ikkje ulikt oss sjølve.

SD sat allereie i baren då MO og IV ankom. Grunna ei jobbkrise vart EV 30 min. forseinka, men det gjorde slett ikkje noko då vi faktisk måtte vente 15 min. på å få bord. Det er ikkje lenge til vanleg, men når svolten riv i kroppen fører det gjerne med seg tendensar til sure miner både her og der samt klaging på poenget med bordbestilling. Alle har jo forståing for ein travel kvardag i restaurantbransjen, men rasjonell tankegong går ikkje saman med oksehunger!

Menyen var lang og innhaldsrik med så mange freistande rettar at det var tendensar til openlys sikkel. Ekstravagante som vi var, begynte vi med ein forrett sidan EV uansett var noko seint ute.

MO: Burde jo eigentleg teke ein vårrull som er favoritten då.. Nei ? scampi på spyd i peanøttsaus! DET skal eg ha ja!
SD: Denne kyllingsuppa er noe av det beste som finnes, så her er det ikke tvil. Det blir forretten min.
IV: Eg køyrer same som deg MO, såg ofseleg godt ut.

Medan vi sat og gossa oss med dei deilege forrettane, dukka endeleg EV opp. Vi hadde allereie bestilt hovudrett til ho, og håpte valet kom til å falle i smak - steikte nudlar med scampi og biff, "litt sterk" stod det i menyen.

EV: Dette var noko eg kunne bestilt sjølv, men det var litt keisamt. Litt for enkelt liksom, og sterkt var det så langt ifrå. Kunne fått dette her kor som helst og betalt mykje mindre for det.
SD og IV hadde båe to bestilt grilla indrefilet av lam på spyd med peanøttsaus.
SD: Å, det her var jo godt! Kjøttet er helt fantastisk mørt, og sausen er ikke sterk men litt stikker det på tunga i alle fall.
IV: Ja, kjøtet er ganske mørt.
MO: Mongolsk lam med vårlauk smakar vel som anna lam, men det er vanvittig mørt dette også. Må seie eg foretrekkjer denne østerssausen med chili, kvitlauk og kvitvin framfor den søte peanøttsausen dykk har. Det her var godt! Berre litt sterk, kunne nok vore hakket sterkare. Men veldig god smak.
EV: Ja, peanøttsaus er ikkje min favoritt heller. På grensa til kvalmande i så store mengder synest no eg.

Berre SD hadde plass til dessert, men då ho risikerte å ete åleine fall valet heller på ein latte. Vi noterer oss at den ikkje var velsmakande.

Samla karakter: G+

Det var til tider vanskeleg å få kontakt med servitørane, og det trekk også ned at garderobeplikta kosta 10 kr pr del. Faktisk så forsvann planlagt tips med som garderobeavgift. Litt fullt og trangt lokale, og maten er ikkje så eksepsjonell at ein føler ein får full valuta for pengane. Alle var fornøgde med maten sin, men WOW-faktoren var ikkje tilstade. Oppsummert kan vi seie god asiatisk mat, godt utval men ikkje noko meir spanande enn det. Greit nok liksom.

Sidan vi hadde eindel ventetid å ta knekken på, nytta vi høvet til å mobbe SDs nyfunne hugleik i kvardagen. Resten skal ikkje refererast til her, men vi gratulerar sjølvsagt og håpar ho ikkje forsvinn frå DHK (den harde kjerne) uansett utfall. Planen var å diskutere SAS og dei problemar dei har forårsaka den siste tida, men det kom ikkje på plakaten før trikketuren heim. Før det var det blant anna alle 30-årslaga vi skal igjennom i år som vart omtala. Først ut er SD, som er på jakt etter eigna lokale. IV og MO har planar om å slå saman sine feiringar på hausten til ein gedigen brakfest med mat og drykk til forlysting. SD har urovekkande stor vennekrets, og må nok dele opp i både a-, b- og c- lister. Evt må det leigast ein ballsal for å få plass til alle. Ho er også så heldig at det står ein Paristur på plakaten ganske så snart, vi er heldigvis ikkje misunnelege i det heile teke. Flaks. Fordommar mot Vestkanten kom opp som eit litt heitt tema på trikken, IV meiner vi urettmessig synest Vestkanten er litt meir snobbete enn Austkanten ? og ho kan nok ha rett i at det er meir kva vi kjenner på sjølve enn kva Vestkantare synest om oss. Men det er ikkje til å unngå å leggje merke til at folka stort sett er litt penare i tøyet enn vi er vane med og at butikkane gjerne ligg litt høgare i pris. Trur alle var samde i at vi kjenner oss meir heime i aust, fordommar eller ikkje. Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
You mean I dont hav
Margie 25.12.2016

You mean I dont have to pay for expert advice like this anroeym?!

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no