Fusgur logo

Xich Lo

Februar 2008
Xich Lo

Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: Vietnamesisk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 2.002.002.002.002.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Etter å nok ein gong blitt avvist på Olympen, valde vi i februar å legge møtet til Xich Lo. Attpåtil ein fredag, og med heile 6 konsulentar på plass!
MO og Solveig var først ute, og servitøren var raskt på plass for å by på drikke.
MO: OOhhh fancy vatn! Med appelsin, kiwi og noko graslikande vekster?? Veldig innbydande!

Vi er framleis usikre på kva slags "gras" det var snakk om, men det såg betre ut enn det høyrest..

Snart kom resten av gjengen på plass, og vi sat alle og sikla over menyane. Det synte seg at ein 4-rettars til kr 315,- skulle friste 50% av gruppa. Resten innbilte seg at dei ikkje var svoltne nok, noko dei nok angra på i etterkant.

Servitøren kom med ei overrasking på bordet ein liten smakslaukvekkar av blant anna indrefilet.
SD: Det var jo godt!
EV: Ja, noter eit pluss i boka for denne ekstraservicen. Alltid positivt å bli overraska på denne måten.

Maten kom fort på bordet, forretten bestod av vårrull og scampi. Alle var godt nøgde med dette, det var god mat med litt spicy saus utan at det vart keisamt av den grunn.
Til kvar og ein kom små, fancy bollar med lokk det synte seg å vere ris. Veldig delikat!

Hovudretten kom også relativt kjapt på plass, for alle utanom MO som hadde bestilt fisk som hovudrett. Servitøren beklaga sterkt, men det hjalp lite for MO som fekk maten om lag samstundes som dei andre kunne sleike tallerknane sine. At fisken var god og spanande, vegde imidlertid opp for forseinkinga. Dei som ikkje valde fisken, fekk servert and ? noko som fall i smak hjå alle.

MO smakte som alltid på dei andre sine rettar, SD hadde bestilt kylling i ein saus av thaibasilikum og chili, medan Solveig satsa på kyllingspyd i sataysaus. Kyllingbrystet kan absolutt anbefalast -her får ein mykje god smak for pengane!

EV: Dette kan jo oppsummerast i ein kommentar : Skitbra!

Storetarane fekk sjølsagt ein dessert med på kjøpet, ein slags brûlèe med pasjonsfrukt. Absolutt frisk og god, men det kan ikkje konkurrere med den tradisjonelle varianten.
Avslutningsvis kom servitøren også med ein slags appelsindrykk til kvar og ein, ei hyggjeleg avslutning på måltidet.

Karakter: M-
Servitørane var raskt på plass, einaste minus var at eine hovudretten kom 10 min seinare enn dei andre 9. Dette burde absolutt ikkje skje! Prisnivået ligg nokre hakk over andre restaurantar med same type meny, men maten er god og lokalet er særs hyggjeleg og reint. Lite å utsetje på det. Minus for støynivå, det var til tider vanskeleg å høyre kvarandre.

Debatt rundt eit langbord er ikkje alltid like enkelt, og den vart dermed litt avkorta. Men kven treng vel løyse verdsproblema, når så mykje god mat står på bordet? At det var Oslo Fashion Week i byen, merka vi diverre altfor godt. Då ei dame med stor, rosa, fluffy pels og sløyfe kom inn døra, klarte vi rett og slett ikkje å ta augene frå ho. På veg heim, møtte vi (pitstop ved eit vatnhol) fleire modellar blant anna stirra SD Kathrine Sørland i senk. Det skal seiast at modellar generelt er høgare og tynnare enn dei ser ut til på tv. Fashion er rett og slett ikkje alltid like lekkert.










Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Anch io sono donatri
Ollie 26.12.2016

Anch io sono donatrice allAvis e posso assicurare che nel caso di emergenza,lAvis in cui siete donatori vi chiama al recapito che avete lasciato al momento della prima visita..E successo lanno scorso,nonostante il mio sangue,B rh+,sia abbastanza coDrTe.mONAnE!Teruy

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no