Kulda reiv i kroppen denne onsdagen i desember, men vèret var klårt og fint. Turen gjekk til Café Europa for årets siste møte, og for ein gongs skuld var antal konsulentar høgare enn Den Harde Kjerne! 9 personar talde vi totalt, tarmtottane hylte i kor rundt bordet til siste person var på plass og bestillinga kunne gjerast.
MO: Her var det mykje godt. Korleis kan ein velge mellom alt det her? Julemat blir det ikkje, det kan ikkje bli betre enn heime hjå mor uansett, så det må bli noko anna. Kanskje ein wok?
Astri: Kylling og wok kan du ete kor ******* tid som helst på året! No er det snart jul, så då bør ein vel ete litt meir julete mat.
Solveig og Signe trassa forbodet, og bestilte båe to red curry kyllingwok. Ironisk nok enda Astri sjølv opp med ein scampi creole wok, etter å ha teke ein titt på menyen og kome fram til at julematen ein lagar sjølv er spesielt god.
MO, SD og EV satsa alle på steinbit med sweet chili saus, Vibeke bestemte seg for biff, Leif gjekk for ein burger og Inger ein kombi ribbe/pinnekjøttallerken. Det var rause porsjonar til ein rimeleg penge.
Leif: Det er jo litt ironisk at stedet heter Café Europa når det ikke finnes noe spesielt europeisk på menyen. Men til gjengjeld er jo resten av verden godt dekket!
Alle steinbitetarar var samde om at dette var gode greier! Sausen spesielt var veldig god, og passa godt til den kvite fisken.
Burgeren til Leif var laga av ca ei halv ku, men den var også særs god med godt brød og godt kjøt. Scampien til Astri var hot hot hot, slik det for så vidt stod i menyen, men den var hot på ein god måte. Kyllingwoken var også hot, om enn ikkje i same grad. Pinnekjøtet kunne vore mørare, og kålrabistappa vart heller ikkje heilt godkjent men alt i alt var det ok.
Servitøren svinsa rundt oss og ordna mat og vinbestillingar, og maten var relativt raskt på plass. Litt rot i kven som skulle ha kva, men elles ikkje noko å utsetje på servicen så langt.
Dessertmagane rundt bordet hadde stort sett også plass att, og det vart bestilt både sjokoladekaker, is og epleterte.
MO: Fantastisk mykje betre når dei varmer kakene litt altså, dette var gode greier!
Signe: Absolutt. Det blir gjerne litt tørt og kjedelig med kalde kaker.
Alle åt opp dessertane sine, og det var rett før folk byrja sleike fata for å få med dei siste restane. EV meinte bestemt at den lune sjokoladekaka heva karakteren med eit godt plussteikn, og ein kan vel seie seg samd i det.
Karakter: M
Menyen er omfattande og rimeleg, og maten har høg kvalitet i forhald til prisnivå. Porsjonane er rause, her får ein valuta for pengane! Servicen er heller ikkje verst, sjølv om vi alle måtte stå i kø framfor kassa for å betale om vi skulle dele rekninga. Dette er ein stad vi absolutt kan kome attende til!
Rundt bordet var det løysing av verdsproblema på gong, som vanleg. Julebordskandalar, julebordmat og generelt det meste om julebord vart også drøfta, og sjølvsagt også juleferiar og feiringar som er rett rundt hjørnet for dei fleste. Det balla på seg også ein diskusjon vedrørande generasjonskløfta som kjem til syne i val av potet og ikkje potet til middag. Klassisk sitat frå dei eldre rundt middagsbordet, om det står ris eller pasta på menyen, er jo ?Er det ikkje potet til maten..? Det er jo ikkje middag då vel??? ? noko den yngre generasjon (les;oss) nok ikkje er samd i. Alt i alt var det ein hyggjeleg kveld, med god mat, god drikke og framfor alt ? godt selskap.
Brukeranmeldelser
Heckuva good job. I
Blaze 25.12.2016
Heckuva good job. I sure apiecrpate it.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024