Dramatisk start på møtet i november, då fusgur vart møtt av stengte dører på Plaka Athena! SD innrømte dårleg organisatorisk evne, og eit krisemøte vart naudsynt. I området var det lite med alternativ, stader som Curry and pizza eller Dolly Dimples freista lite, så vi havna på Myrens kjøkken eit lite stykke unna.
IV: Ja, vi må ha mat snart uansett, eg er svolten og eg er kald!!
SD: Det lukter litt treningsstudio her, men jeg får takle det..
Myrens kjøkken ligg nemleg i same bygg som eit treningsstudio, noko som ikkje er berre positivt?
MO: Fint. Her eg set, kan eg sjå rett inn på dei som spring på tredemølla. Kanskje eg skal ta ein salat?sukk...
IV: Ikkje den største menyen, men kva med litt tapas?
SD: Jeg er med på tapas!
MO: Eg trur eg går for ein club sandwich, etter å ha ete tapas to gonger forrige veke er aiolikvoten overskride for lengst.
Servitøren anbefalte 12 eller 13 tapas for to personar, noko som vi fort forstod betydde at dette var særs små tapas.. Det viste seg å vere tilfelle.
MO: Bestilte eg ikkje poteter ekstra med sandwichen..?
SD: Jo, det gjorde du.
IV: Eg bestilte vel poteter til tapasen også?? Har eg sagt feil nr? Det var jo ikkje dei største porsjonane eller mest fristande tapas eg har sett hittil.
Etter å ha gjort servitøren merksam på feilen, fauk han avgarde for å sjekke med kokken. Poteter til sandwichen kom på bordet, men tapasen uteblei då det synte seg at det mest sannsynleg var ein bestillingsfeil.
IV: Eg gir denne tapasen maks 2 stjerner. Osten var gul og inntørka, men olivena var veldig gode!
SD: Ja, det var veldig kjip chorizo også. Pinglechorizo!
IV: Trur det meste her er kjøpt på Ikea, i alle fall kjøttbollane.
MO: Eg er passe nøgd. Det var liksom korkje bra eller dårleg, heilt ok ? og eg vart mett.
Til dessert vart det kakao med krem på SD og MO, og kanelte på IV.
MO: Hm. Kjipt når varm mjølk med o?boy smakar betre enn denne kakaoen?
SD: Ja, den var ikke helt god. Skuffende.
Karakter: NG
Servitøren var svimsete og vanskeleg å få tak i, trass om lag tomt lokale. Tapasane var av dei dårlegaste tapas vi har vore borti, og det trekk ned at sveittelukta frå treningsstudioet siv inn i lokalet. Fantastisk dårleg juledekorasjonar trekk også ned, ikkje berre er det for tidleg å pynte til jul, men det var rett og slett ikkje pent å sjå på.
Debatten var nok ikkje så heit rundt bordet. Kulda og skuffinga hadde teke knekken på lysta til å debattere om noko som helst anna enn kulde og skuffande mat. Vi ser rett og slett berre fram til neste møte, julebordet går nemleg av stabelen om berre kort tid! Alle har fulle timeplanar framover, men onsdag 12.desember er ledig og klar til fusgurering på høgt plan. Vi vart samde om at vi har lagt lista litt høgare enn i byrjinga, rett og slett av di vi veit kva vi kan få der ute.Vi har berre blitt meir kresne og kravstore. Ganane våre har gått gjennom ei utdanning, og servicen er (diverre ofte MANGEL på service) særs viktig. Ein hyggjeleg og engasjert servitør kan gjere måltidet eit hakk betre, det kan vere noko å tenkje på for dei fleste etablissement!!!
Brukeranmeldelser
,Long traces with fo
Minerva 26.12.2016
,Long traces with forms in a good many advises advised concerns this many voters hands upwards devoid of launching ones own ballots. Time consuming stays to make sure you vote have been noted on Sarasota, Virginia in addition to Tennesse, most key sway advises, together with New Jersey in addition to New york city, advises walloped a while back by susotprerm Remote.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024