Skyane hang lågt på himmelen denne siste onsdagen i september, då 3 av DHK var på veg til Aker Brygge for å teste ut Bord.
MO: Greit at vi ikkje bestilte bord, det er ikkje akkurat flust med folk her. Berre 2 bord med gjestar i dette svære lokalet, var litt stusseleg.
SD: Ja, det er vel en grunn til at vi ikke går ut på mandager da.
IV: Vi har jo prøvd det før. Forstår godt at restaurantar ofte har stengt måndag.
Bord har eit par båsar, og vi valde sjølsagt ein koseleg bås rett ved peisen.
MO: Det er jo veldig koseleg her då, stilreint men ikkje minimalistisk heller ? berre jævla nice.
IV: Ja, det er sant. Eg skal unne meg eit glas kvitvin i dag, eg. Fleire som følger?
IV vart åleine på vinen i dag, då økonomien hjå dei 2 andre var prega av stillstand og raude tal.
IV: Det vert nok lammeskank på meg i dag. Trur dåkke det er mogleg å bytte ut sellerirotpure med til dømes røstipoteter?
MO: Det må vel kunne gå an, berre å spørje.
Og det var verdas smalaste sak. Servitøren vår, svensk sjølsagt, sa at det skulle ikkje vere noko problem og tok imot bestillingane våre. SD og MO satsa på heilsteikt fjellørret.
MO: Oj. Vatnet er faktisk litt varmt.
IV: ÆSJ! Det var jo i overkant lunkent! Men god vin, det var det.
SD: Det er jo en Chablis, det slår jo nesten aldri feil!
Det drøyde ganske lenge før maten kom på bordet, MO hadde ein teori om at det var den heilsteikte ørreten som måtte steikast i lengre tid ? utan at vi veit heilt kvifor. Vi var no dei einaste kundane att i lokalet, så det var i alle fall ikkje grunna høgt press på kjøkenet.
IV: Dette var jo litt lite? Og eg har ikkje fått noko grønt i det heile teke?
MO: Mmm ? dette var godt! Kvitlaukssmør, chorizo og ørret ? det var faktisk veldig godt endå eg foretrekkjer kvit fisk!
SD: Ja, dette var veldig godt. Men det er altfor mange små bein her, så irriterende!
MO: Det er difor dei steikjer ørreten heil, så slepp dei å renske fisken for bein sjølve ? dei overlet det til kundane?
IV: Eg er skuffa. No forstår eg kvifor vi fekk påfyll med brød utan å spørje, det er rett og slett veldig små porsjonar.
MO: Ja, det er ikkje akkurat svære husmannskost-porsjonar vi snakkar om her, men eg vart faktisk behageleg mett. Forstår at du er litt skuffa, du fekk jo berre ein lammeskank og ein røstipotet med saus, dei kunne spandert på en persillekvast i det minste?
Karakter: G+
Lokalet er veldig fint, og det er positivt at alle ljos er tende sjøl om det slett ikkje sit folk ved kvart eit bord. Fin peis gjer det litt ekstra varmt og koseleg på regnfulle og mørke dagar, og servitøren var hyggjeleg. Lunka vatn trekk ned, samt små porsjonar og sein servering er også ei ulempe. IV ga maten sin karakter 3, medan MO og SD var mykje nøgd med fisken. Vi var rett og slett litt delte i vår oppfatning av restauranten og maten vi fekk. Dette er ein stad du vil kjøpe 3-retters middag, det vert nok litt lite med berre ein hovudrett.
Det var ikkje dei største diskusjonane rundt bordet, folk var rett og slett slitne etter ein hard måndag. SD slit med uforståelege oppgåver på jobb, MO har fått hekseskot og bevegde seg som den gamle kjerringa ho er, og IV har framleis mann og born. Vi tok istaden laust på nye eventyr, og hamna på Mogador på Løkka- ein afrikansk/marokkansk kafe/pub, der SDs halvdel bestilte tapas. Det vart rett og slett ein form for dobbelfusgur denne gongen, og vi kan melde at Mogador ikkje er staden å gå for tapas. Det var rett og slett ein skuff. Men godt øl til ein relativt billeg penge, det hadde dei. Og då var vel vi eigentleg nøgde? Forteljingar om hundar, hundehald og diverse rare opplevingar med desse dyra prega store deler av kvelden, samt det låge nivået på service i landet. Det er vanskeleg både å få bestilt og betalt fleire stader, det er mest som om vi må be om unnskuldning når vi skal ut for å kose oss. Håpar på betring på dette området, god service kan ein stad vinne mykje på!
Brukeranmeldelser
Ive been lonokig fo
Leaidan 25.12.2016
Ive been lonokig for a post like this for an age
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024