Siste onsdagen i august var prega av noko ustabilt vèr, men vi våga oss ned til sentrum for å besøke ein restaurant som satsar på kreolsk mat, Lemongrass. Av ein eller annan grunn var alle unnteke MO tidleg ute, og sat og sikla over menyen då MO endeleg dukka opp berre 5 min før tida.
MO: Delikat innredning i det minste, sjølv om desse stolane var rimeleg djupe. Eg sekk heilt ned eg!
SD: Her, ta en pute. Så kommer du litt opp i det minste.
Puta hjalp, og vi sat oss godt til rette og bestilte litt snacks på deling. Snackset viste seg å vere fritert bananchips og brød, med banadip og chilidip til.
EV: Eh, dette var jo spanande.. litt kvalmande med banandip kanskje, men absolutt ei oppleving.
MO: Ja, det var litt merkeleg. Greit vi ikkje bestilte ein porsjon kvar, her er det meir enn nok til alle fire.
SD og MO bestemte seg for tunfisk med mangosalsa, EV satsa friskt på mangokylling og IV tok biff med paprika- og BBQsaus.
MO: OH MILDE HIMMEL, dette var digg!! Veldig god fisk, passe sterk salsa og god saus.
SD: Ja dette er muligens min favoritt hittil.
EV: Det var jo godt, men det vart kanskje i overkant mykje mango på meg her.. Litt søtt i lengda.
IV: Veldig mørt kjøt og god saus, eg må seie meg nøgd med dette.
MO: Det er jammen meg fullt lokale omtrent, trur det er bra vi bestilte bord.
SD: Enda mer bananchips? Tror jeg står over den..
Bortsett frå litt problemer med å få kontakt med servitørane, var det ikkje noko å seie på servicen. Dei var ganske treige med å ta kontakt, men smilande og blide fylte dei på vatn utan å spørre etc.
Karakter: M
Maten var veldig god, lokalet var fint og ryddig og det synte seg at dei har en særs triveleg bar som vi ikkje fekk tid til å besøke denne gongen. Litt betre service hadde vore stas, men maten stod absolutt til forventningane. Dette er nokre hakk betre enn forrige kreolske oppleving på Carib, for å seie det mildt?
Rundt bordet dreide debatten seg urovekkande lenge om kva slags rotfrukter vi fekk servert til middagen. Vi har enno ikkje funne ut av saka.. Debatt om politiske saker stod også på agendaen, samfunnsengasjerte damer som vi er! Og resten skal vi ikkje legge ut på nett, tenkjer eg. Dreide seg stort sett om kickoffs som kjem, menn, rosa skyer og knallmørke skyer. Stort sett mørke.
Brukeranmeldelser
Not bad at all fella
Flip 25.12.2016
Not bad at all fellas and gaalls. Thanks.
Betre enn hugsa!
MO 23.06.2014
Lenge sidan eg var på Lemongrass, men tok med mannen på nytt besøk i helga - og vart særs nøgd. Maten var rett og slett fortreffeleg, og dette er herved ein av våre favorittar i byen.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024