Fusgur var ute ein fredagskveld i februar, og sette kursen for ein restaurant som heitte Marrakech denne gongen.
IV og MO var tidleg ute, og satte seg på eit bord ved baren, men endra fort meining og fann eit stillare bord ved vindauget. Det var slett ikkje fullt i lokalet, så bordbestilling hadde strengt teke ikkje vore naudsynt denne gongen.
EV og SD var snart på plass, og vi sikla alle over menyen.
MO: Vel, eg kunne tenkt meg fleire ting her men trur eg må gå for couscous med lam!
SD valde lammetangine, tross at ingen visste kva dette eigentleg var, medan IV satsa på mixed grill ? ein sikkar vinnar i dei fleste anledningar. EV valde også couscous, og vi fekk påfyll vatn medan vi venta på maten.
Maten kom på bordet, og det dufta godt av kjøtmaten som stod foran oss.
SD: Dette var veldig varmt!
MO: Ikkje rart, det serverast jo i leirform ? det ryk jo enno! Mmm kjøtet var verkeleg mørt!!
IV: Syntes det såg lite ut det her, skal vi berre få et par bittesmå poteter?
EV: Dette gjekk ned. Ingen problem, nei.
SD: Det var fantastisk mørt og godt! Ikke noe fett eller trevler, bare rent og godt kjøtt.
Alle var samde i at dette var god og stødig mat, og det synte seg at det slett ikkje var for lite på tallerknen, alle vart mette og gode.
MO: Trur eg må ha dessert også, sjølv om eg er ganske mett no..
Etter ei lita stund, fekk damene plass til litt dessert også. SD nøyde seg med ein kopp kaffe, medan EV og MO satsa på sjokoladefondant og IV på ostekake med is.
IV: ÅÅÅ det er jo krokanis til! Eg likar ikkje krokanis?
Bortsett frå det, gjekk dessertane ned på høgkant. Fondanten var passe stor, varm og flytande inni som det skal vere.
Karakter: M
Lokalet var heilt ok, hyggjelege og oppmerksame servitørar. Ganske avslappa stemning, sjølv ein fredagskveld. Det var veldig god mat, husmannskost på marokkansk vis? Godt og mørt kjøt, heilt klart verdt å ta ein tur ? prisane var heller ikkje avskrekkande for denne maten.
Det var slapp debatt rundt bordet, og tanken om å kanskje ta ei øl etterpå vart erstatta med tanken på å kome seg heim til sofaen for å la kroppen fordøye kjøtmaten. Dei vanlege emna kom sjølsagt opp; menn, mat og feriar på gong. Lite nytt med andre ord. Neste gong freistar vi å sette igong ein forrykande debatt om noko verkeleg viktig!!
Brukeranmeldelser
Great post, Terrie.
Jessie 26.12.2016
Great post, Terrie. I agree that setting is not absolutely vital for a good read, but when it IS essential to the story, a vivid setting can add a great deal to its enjoyment, and even its believability. Certainly setting is one of the main elements of fiction, right up there with plot, POV, chzcorteriaatian, dialogue, etc.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024