Fusgur logo

Smia Galleri

Oktober 2007
Smia Galleri

Beliggenhet:   Vålerenga
Kategori: Kulturkafè
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Kalde haustdagar egnar seg kanskje ikkje til lengre utfluktar, men fusgur tok likevel sjansen på å besøke Smia Galleri på Vålerenga denne siste onsdagen i oktober. God omtale og spanande meny hadde lenge freista, og no var vi endeleg på veg. Med på lasset hadde vi klart å lure med to konsulentar - Leif og Håkon, med ganar klare til prøvesmaking og utforsking.

Leif og SD var allereie på plass fleire minutt før tida, og ein etter ein ramla vi inn døra med forfrosne kinn og rumlande magar.

MO: Her var det då koseleg! Veldig fint lokale.
Servitøren var på plass umiddelbart for å fylle glasa med vatn, etterkvart som kvar enkelt sat seg ned. Då alle var komne i orden, kom ho med menyar og tok seg tid til å forklare dagens 3- og 4-rettar.
Leif: Glad jeg ikke ba om å få slengt over en meny..

Menyane var nemleg limt fast på ei litt tung metallplate, veldig i stil med stadens interiør og konsept.

MO: AAAA! Eg vil jo ha alt! Trudde eg hadde bestemt meg på førehand, men no er eg brått usikker igjen..
SD: Jeg tror jeg satser på smørtunge. Har lyst på fisk, og den høres god ut.
IV: Vi tek vel eit glas vin til maten? Må jo feire at eg har fått ny jobb!
MO: Er kunsten her inspirert av Stephen Kings IT...?? Vel, det er betre enn livmora som heng på Barcelona i det minste.
IV: Ja, fy - det var ikkje smakfullt med livmor og testiklar og ymse på veggane der!

Bestillingane enda på 2 stk smørtunge, 2 stk elg og 2 stk svinenakke.

Vin kom raskt på plass i glasa, og ein karaffel med vatn stod på bordet for påfyll i ønska mengde. Brød og ein slags dip av mascarponeost, crème fraîche, løk og oliven var også på plass, til alles store glede.

MO: Ach, dette var snadder! Eg kunne ete meg mett på dette åleine.
SD: Det var absolutt veldig godt.

Alle gomla i seg brød og dip, fornøgde med byrjinga på måltidet. Hovudretten kom snart på bordet, og servitørane var oppmerksame og fylde på med vatn til dei som trongde det.

IV: Korleis var elgen, Leif?
Leif: Nja. Hm. Den er helt ok, men den kunne nok vært mørere. Ikke noe å rope hurra for, men den grovpølsa var god da. Den var faktisk noe av det beste på tallerkenen.
IV: Svinenakken var god, men eg klarar ikkje heilt å plassere denne kalde guffa her.. kan dere vere selleripure eller noko sånt?
MO: Hm. Det er ein kjent smak, men eg anar ikkje. Eg er fornøgd med smørtunga i alle fall. Godt med fisk!
SD: Ja, og den var jo ganske stor. Heldigvis ikke så vanskelig å renske for bein, selv om den er helstekt.
Middagen vart fortært, og spørsmål om dessert kom opp. Leif og SD tok sjansen på å dele ein tallerken med ostar (av skummel sort, ifølge MO), medan Håkon valde is og sorbet, IV og EV satsa på kvit "sjokoladebrulle" og MO på troikakake.
SD: Et lite minus for måten å skrive brûlée på, men vi får vel se gjennom fingrene med det.

Ostefatet hadde 4 ostar og 2 små brød, med handskrive forklaring på kva slags ostar det var, kva land dei kom frå og kva dyr som var opphavet.

IV: Forstår ikkje den blåmuggosten. Det er jo faktisk mugg? Kven vil ete mugg?
SD: Du liker vel brie og camembert? Det er jo også muggoster, bare hvite.
IV: Ja, men dei er jo gode. Og eg skjer jo alltid vekk den muggen..
MO: Eg også skjer den bort. Det SMAKAR jo mugg av blåmuggosten. Eg klarar ikkje å like det, og ikkje vil eg lære det heller. Dåkke får ha den for dåkke sjølve, eg held meg til troikakaka mi. Den var minimal i storleik, men god var den i det minste.
EV: Brûléen var ein skuff. Den er kald, og smakar slett ikkje kvit sjokolade.
IV: Nei, det kunne likså godt vore vanilje eller noko sånt. Og den blodappelsinsorbeten var god, men passa ikkje heilt, synest eg.

Karakter: M-
Det var litt usemje blant smakarane om nivået på staden. Veldig innbydande lokale, vel verdt å prøve ut, men maten kunne nok vore betre på fleire områder. Elgkjøtet burde vore mørare, og brûléen burde hatt ein liten lunk. Bra service har jo mykje å seie, og her gjekk alt smertefritt. Stort pluss for rause glas med vin!

Slække debattanter førte til lite oppildna stemning rundt bordet. Gamle fusgurmøter vart diskutert, og vi hugsar med glede tilbake til SDs engasjement i ulike tv-aksjonar. IVs nye jobb og permisjonssøknadar etc vart sjølvsagt grundig greid ut om, og no ser endeleg framtida lys ut på dei fleste frontar i heimen hennar. Vi skal prøve å få ned glamfaktoren, og kanskje satse på litt billegare stad neste gong men kanskje ikkje Ali Baba som MO foreslo. Vi har rett og slett blitt litt for godt vane med god mat til ein litt stivare pris enn då vi begynte, og vi har også høgare forventningar til service på kvar einskild stad. SD lovar å gjere research snart på kva stad ho vil anbefale i november, og julebordsstad skal opp til avstemning på demokratisk måte snarast. Fornøgde med utvikling av heimesida, Håkon meinte den såg proff ut og MO vart litt fornærma med beskjed om at den ER proff!?. IV kom med forslag om å ta møte annakvar veke for å rekkje over alt vi skal prøve, men diverre vart dette nedstemt av MO som for anledningen måtte knekke krisekrusa og betalte for gildet med kronestykkjer og femmarar, noko dei andre vart aldri så lite flaue over. Alt i alt var det ein hyggjeleg kveld, det er vel verdt å prøve seg over på austkanten for ein kveld på Smia.












Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
I’ll check out
Charlotte 26.12.2016

I’ll check out the creeping charlie, sounds cool. I have been doing some reading on pre-hop beer, and all sorts of crazy robwi/ttings/oerrses were used waaaayy back when. Creeping Charlie sounds like a newer remedy for an age old problem :)

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no