Nok ein gong var det tid for fusgur, denne gongen med ein hane i flokken! EV meldte fråfall grunna foreståande sjølmeldingsdeadline, ho er vel unnskuldt for denne gongen men ekspertisen var sårt sakna.
Yayas har opna ny avdeling på Majorstua, men stilen er den same. MO var først på plass, og vart vist til bordet ? inne i ein krok, rundt eit hjørne og oppå eit platå.. Skal ikkje vere enkelt å finne fram på eiga hand i lokalet, men det er unekteleg litt spesiell stemning her.
Snart var alle på plass, og vi venta berre på servitøren. Som 90% av alle i utelivsbransjen i Oslo, var også her servitørane svenske. Det tok si tid, men tilslutt var både forrett og hovudrett bestilt og vi kunne lene oss tilbake med eit glas vin.
SD: Vinen var nok litt i overkant søt for meg.
MO: Heilt grei for å vere husets, men ikkje meir enn det.
Vi delte ein forrett med friterte scampi, og det vart ganske nøyaktig 2 scampi på kvar. Ikkje store porsjonar det er snakk om, sjølv om menyen kallar det smårett og ikkje forrett. Men godt var det i alle fall, og vi gledde oss til fortsetjinga.
MO: Mmmm! Dette var akkurat passe sterkt for min smak, veldig godt!
SD: Jeg stemmer i, dette var godt.
MO: Eg synest nok den kokosmjølk- og karrimaten din er litt for søt for meg, og den var vel ikkje sterk heller. Men artig å smake litt, sjølv om det blir kvalmande i lengda.
IV: Eg likar heller ikkje den søte smaken, men så har eg då bestilt nett det same som deg MO..
Gjest Håvard pingla ut og bestilte mild mat og tykte det var sterkt nok.
Alle var godt nøgde med maten, og venta i neste omgong på å få bestille dessert. Berre IV og SD våga seg på ein bananasplit, og sat forventningsfulle og venta på servering. Men det varte og rakk, og til slutt måtte vi spørre kor lang tid det skulle ta. Når desserten til slutt stod på bordet, vart dei skikkeleg skuffa.
MO: Var det ikkje veldig lite sjokoladesaus??
SD: Jo. Hrmpf. Dette var skuffende.
IV: Og det er krem frå boks!
SD: Slett ikke verdt det. Skulle nok tatt sjokoladefondanten..
Etter dessertfiaskoen, prøvde vi å få tak i rekninga for å betale. Det skulle også ta si tid, og resultert i at vi berre la pengane på bordet og gjekk ? utan å gi ei krone i tips.
Karakter: G
Lokalet er spesielt, med regn og torden som avbryt ein gong i timen. Maten er også veldig bra, med unntak av den skuffande bananaspliten. Det som trekk mest ned, er dårleg service. Det var ganske fullt lokale, men det skal uansett ikkje ta så lang tid. Forretten kom raskt på plass, men både hovudrett, dessert og betaling gjekk mykje treigare. Ikkje godt nok!
Debatten rundt bordet handla om alt frå global oppvarming til dyre hundeoperasjonar og kva mannfolk som er aktuelle. Litt ulik smak på mannefronten kan vi vel vere samde i at det var, og stakkars hanen vår fekk vel gjennomgå aldri så lite i det emnet. Det vart også litt diskusjon vedrørande dødsstraff og kven som var for og imot, men denne stoppa brått då maten kom på bordet. Vi ser fram til neste møte allereie!
Brukeranmeldelser
Short, sweet, to the
Terry 26.12.2016
Short, sweet, to the point, FRlaxe-EctEy as information should be!
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024