Fusgur logo

Carib (NEDLAGT)

Oktober 2005
Carib (nedlagt)

Beliggenhet:   Grünerløkka
Kategori: Karibisk
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 1.001.001.001.001.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 2.002.002.002.002.00
Karakter: 2.002.002.002.002.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
I samband med inspeksjon frå fusgur-ven Solveig frå Kristiansand og Ingvill frå Svolvær, kalla vi inn til ekstraordinært møte. Eit av kriteria var at staden skulle vere enkel å finne for utanbysfolk også, og valet fall på Carib ? sentralt plassert på Grünerløkka.

Sol: Det ser no litt koseleg og varmt ut der inne! Eg trudde vi måtte gå langt og hadde forberedt meg på kalde lår allereie. Greit å ta turen rett rundt hjørnet i slikt haustvèr.
MO: Litt spennande å prøve noko heilt anna her. Eg går for grilla tunfisk!
SD: Jeg tror jeg prøver kreolsk tallerken med forskjellige retter. Smakebiter av typisk kreolsk kjøkken høres spennende ut.
Ingvill: Calypsofisk? Kva er det? Eg får prøve..
IV: Kvar er drikka vår eigentleg? No har vi bestilt både mat og drikke, men det ser ut som det drøyer.
MO gjekk bort for å purre på drikkebestillinga etter 15 minutters ventetid. Det virka som vi hadde gått i gløymeboka, endå det var berre 4 andre bord opptekne i lokalet.
Sol og SD valde båe to den kreolske tallerkenretten og fekk fleire kreolske spesialitetar, blant anna geit i barbequesaus. Interessant smak er vel det mest positive som kunne seiast om nett denne retten..
EV gjekk for hot pot med oksekjøt og for IV falt valet på mixed grill ? eit sikkert val.
EV: Denne hot poten var ikkje så veldig hot akkurat, men den var god uansett.
MO: Tunfisken var bittelitt tørr, men god og sterk paprikasaus og godt tilbehøyr gjer saka mykje betre. Interessant kombinasjon, det var godt og annleis!
Ingvill: Eg lurer på kva slags fisk det her er, men god var den i alle fall! Og mykje. Eg trur ikkje eg klarar å ete opp alt..
IV: Eg er som alltid fornøgd med mixed grill. Barbequesaus og paprikasaus i separate skåler er eit pluss.

Oppsummert: maten er ok og spennande, men servicen er nok ikkje heilt på topp. Det tok lang tid etter middag før vi til slutt måtte be om dessertmeny, og då kom det ikkje nokon for å ta opp bestilling før vi igjen spurte om nokon hadde tid til oss. I eit lite lokale med god oversikt og få gjestar, bør det vere mogleg å få servicenivået opp eit par hakk. Karibisk tid i Noreg funkar dårleg.

Samla karakter: G
Servicen trekk ned ein ellers ok restaurant, men menyen er i seg sjølv ikkje tilstrekkeleg til å lokke oss på besøk fleire gongar. Men hyggjeleg og smilande servitørar er jo eit pluss, sjølv om dei nok ikkje hadde trukke i finstasen for å gå på jobb akkurat. Karibisk sjarm?

Rundt bordet raste debatten i eit forrykande tempo, men det var det god tid til då både mat og drikke lot vente på seg. Blant anna var tv - aksjonen oppe til diskusjon atter ein gong, og SD er som alltid engasjert og delte ut bøsse - flyers til heile gjengen. Vi hadde alle latt oss provosere av utspel frå mannsorganisasjonar som ville boikotte aksjonen avdi dei meiner menn i like stor grad vert utsett frå vald. Det kan så vere, men det eine utelukker ikkje det andre. Sjølv om vi bør støtte mannlige valdsofre bør det ikkje gå utover kvinnelege ofre.
Samstundes gjekk debatten om Stordalen får eit meir sympatisk image av denne saka, og det må vi vel seie ja til. Han verkar som ein engasjert mann på mange måtar, og vi håpar det er meir enn berre søken etter nye utfordringar som driv han inn i dette. Når det kjem til kva kjendisar i høg alder vi kunne ha tenkt oss å verte betre kjent med, må han seiast å vere på den lista. Nokon nemnde Thon, men han kan seiast å vere litt for gamal og eksentrisk. Ellers er det dårleg stilt med kjendishunkisar over 40 i landet vårt. Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Hi, Neat post. There
Roxie 25.12.2016

Hi, Neat post. There is a problem with your web site in internet exrporel, would check thisâ?¦ IE still is the market leader and a good portion of people will miss your great writing because of this problem.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no