Fusgur logo

Matfinken (NEDLAGT)

November 2005
Matfinken (nedlagt)

Beliggenhet:   Torshov
Kategori: Brasserie
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Skodda låg lågt i asfaltjungelen, og fusgurs harde kjerne var på veg for å teste ut restauranttilbodet i bydelen Torshov denne kalde onsdagen seint i november.

MO: Bra vi bestilte bord, hadde vel ikkje trudd det var fullt her ein onsdag så tidleg.
EV: Kan det vere dagens tilbod som lokkar folk hit før 18.00?
Matfinken har nemleg dagens rett til 135,- og dagens rett+dessert og kaffe til 175,- om ein et mellom kl 16.00 og 18.00. Smart trekkplaster!
IV: Litt stive prisar her då? Vi må finne ut kva dagens er!
Kelnaren misforsto oss fullstendig og var i full gong med å bestille oss 6 rettar frå dagens meny ? som IKKJE er det same som dagens rett!! Det tok lang tid før det vart orden i saka, endå vi gjorde oss ganske så lett forståelege måtte vi konsultere ein annan servitør for å få all informasjon vi trengte. Dagens rett viste seg til slutt å vere norsk kje med potetpurè og timiansjy, med crême brulée og bringebærsorbet til dessert.
SD: Med den desserten MÅ jeg jo bare ha dagens!!
Alle stemde i, og det vart dagens på heile gjengen. Noko feil i forhald til filosofien til fusgur om utprøving, men kven kan seie neitakk til ein crême brulée i godt selskap når peisen knitrar inne og verda utanfor er mørk og guffen?
Porsjonane var noko sparsome, og det var bra vi fekk eit framifrå godt brød til å korte ned ventetida. Det høyrer med til historia at IV fann ein trådliknande gjenstand i brødet, men det er uvisst kva det eigentleg var. Ho har ein tendens til å finne framandlekamar i maten sin ser det ut som, og det fell ikkje i god jord hjå vår kritiske førstesmakar!
MO: Det var då eindel feitt og brusk på den lille geita her då, men ellers var det veldig godt!
IV: ? GEIT? Er kje GEIT? Eg likar jo ikkje geit??? Huff. Eg som har ete opp og alt?
MO: Hehe ? ja, då veit du at du likar smågeiter då i det minste?
Så kom desserten på bordet, og alle sukka henført.
SD: NÅ er jeg lykkelig. EV, det ser ut som desserten din har blødd. Du kan jo ikke blande sorbeten med bruléen på den måten.
EV: Oj, er det feil av meg? Vart det litt pinleg no? Eg måtte jo ha begge delar blanda i herleg harmoni?? Bør eg sleike skåla for å kvitte meg med bevisa..?

Samla karakter: M

God mat men for små porsjonar for vaksne jenter som oss. Bra service, påfyll av vatn heilt diskret. Litt misforståingar mellom servitør og gjest er bagatellmessig. Hyggjeleg lokale trass minimalistisk stil, peis trekk opp stemninga når vèret er ubehageleg guffent ute.

Mykje godt diskusjonsstoff stod på tapeten denne gongen, hovudsakleg mannfolkproblematikk og oppsummering frå helgas ost/kjeks/VIN kveld der blant anna EV sørga for kveldens høgdepunkt ved forsøk på destruering av ein tv. Er det eit dårleg teikn på overstadig rusing når ein sjølv merkar at ein er slitsam men likevel ikkje klarar å halde kjeft? Kor lenge er det mogleg å vere saman med ein pen mann om han er rimeleg tett i topplokket? Og kor mange naboar kan ein involvere seg med før det vert nasty?
Etter å ha funne ut kor enkelt det er å starte ein serveringsstad, vurderar den harde kjerne å starte ein restaurant basert på heilnorske konseptar ? servering i bunad (stakkeløfting følger med om tipsen er ekstra god) eller lusekofte, med god norsk husmannskost på menyen. Det er slett ikkje lett å få tak i sånt i Noreg, anna enn på slitne vegkroer med kjøtkaker med udefinerbar gummiliknande substans. Kanskje det går an å kombinere husmannskost med kvalitet? Kven veit? Det her vert spanande folkens, fortsetjing følger ved neste møte. Det vert mest sannsynleg den 14.desember ? venar vert inviterte. Satsar på litt pyntings for å få opp julestemninga, og SüdØst er førebels førsteval for julefusgurering. Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
grapefruit and cialis interaction
eurotly 21.11.2022

buy cialis canadian The matrix substratum was composed of 50 ?L of nulliparous or tamoxifen treated rat mammary gland ECM normalised for total protein concentration mixed 1 1 with Matrigel BD Biosciences, San Jose, CA, USA to facilitate polymerisation of endogenous mammary ECM
0.000.000.000.000.00
research chemicals tadalafil
Affoldgor 08.06.2022

https://newfasttadalafil.com/ - cialis 5mg online Last Longer In The Bedroom Jpckmm Cash On Delivery Levaquin Online Opxueu Cialis In response to the growing awareness of mindbody phenomenon in the realm of pain the gate control theory of pain was described in the early s by Ron Melzack and Patrick Wall. generic cialis 60 mg https://newfasttadalafil.com/ - best place to buy cialis online reviews Ryapdu
0.000.000.000.000.00
This is way better t
Rangle 25.12.2016

This is way better than a brick & mortar eshtelisambnt.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no