Koseleg lokale på Youngstorget, sentralt men litt anonym inngong - vi såg fram til vårt første møte på lenge!
Lokalet er lunt og koseleg, veldig god atmosfære. Men akustikken er ikkje topp, det er berre til å vere ærleg på det.. Det var høg musikk som vi bad dei skru ned, det varte i 2 min, før volumet kom opp att. Det var støy i lokalet som gjorde det vanskeleg å føre ein samtale med andre enn sidemannen, og det kunne vore stor forbetring berre ved dempe bakgrunnsmusikken men diverre kunne nok lokalet drege fordel av litt lyddempande interiør.
Vi fekk drikke i glasa og menyar så snart vi sat ved bordet, men etter første runde drikke vart det ikkje tilbod om meir - anna enn kaffi til dessert. Her er det rom for meirsal!
Det vart prøvd gnocchi med raud pesto og mandlar, bigoli allamatriciana, bigoli pesto gamberi e stracciatella, pappardelle al ragu og bigoli alla putanesca.
MO smaka seg gjennom fleire av rettane på bordet, frekk som alltid, og meinte at gnocchien kunne vere ein vinnar! Gode smakar! Det synte seg etter kvart at denne retten vart veldig tung og einsformig, det vart rett og slett i overkant mykje gnocchi! Hadde vore topp som ein forrett.
Det var vel 6 reker å spore i rekepastaretten, godt men litt smaklaus - her måtte det krydring til.
Til dessert vart det prøvd ein tiramisu og bringebærsorbet med limoncello. Tiramisuen var heilt ok, men ikkje den beste vi har prøvd i byen - litt for slækk, der altså. Bringebærsorbeten var eigentleg utsold men brått hadde dei to porsjonar likevel - har nokon vore på Rema i full fart...? Men den var frisk og fin, sjølv om limoncelloen tok overhand smaksmessig sett.
Karakter: G
Heilt ok stad, koseleg og sentralt, grei mat men langt frå den beste italienske vi har prøvd oss på. Det tok også litt lang tid før vi fekk betale, det er alltid nedtur når ein er ute og et - trur ikkje bransjen faktisk har innsett KOR irriterande det kan vere å vente 10-20 min på å få lov til å vrenge lommeboka. Heilt ok, men vi kjem nok ikkje tilbake hit.
Kommentarer
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024
Vi vasa oss utover mot Sørenga, men denne restauranten ligger så nærme Bjørvika ein kan kome på denne sida - stort potensiale om nokre år til utsikta men per no er det ikkje heilt super stemning utandørs der ein får bygningsområdet rundt rett i fleisen. Og monsterbygget også kjent som Munch-museet...
Mai 2024