Fusgur logo

Indian street food & co

Mai 2024

Indian street food & co

Beliggenhet:   Sørenga
Kategori: Indisk
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Vi vasa oss utover mot Sørenga, men denne restauranten ligger så nærme Bjørvika ein kan kome på denne sida - stort potensiale om nokre år til utsikta men per no er det ikkje heilt super stemning utandørs der ein får bygningsområdet rundt rett i fleisen. Og monsterbygget også kjent som Munch-museet... Stort og fint lokale, meny som består av både smårettar og hovudrettar, og denne gongen var det litt blandings rundt bordet også.
Det vart bestilt kathi rolls med kylling, chapati og vanleg naan, crispy paneer og chili chicken for dei som gjekk for smårettar, medan hovudrettar vart blant anna ein kyllingrett frå spesialmenyen, og lam med chili.

Men aller først kom det ei overrasking på bordet! Velkomst frå kokken, små og sprø ballar med ukjent (for oss) innhald på ei slags steikeplate innhylla i mystisk røyk. Artig! Desse semulebollaene inneheldt noko youghurtaktig innhald og litt ymse, fall i smak hos 4 av 5 rundt bordet - og kjekt med overrasking frå kjøkenet, slikt set vi alltid pris på!

Smårettane var større enn forventa, og det var ei rekke gode smakar. Hovudrettane var også rike på smak, kanskje litt vel høgt kryddernivå for enkelte men ein kjølande mango lassi av type veldig god såg ut til å hjelpe på å halde intensiteten nede.

Karakter: M
Veldig god mat, rause porsjonar - heilt innafor service. Dette er ein stad vi lett kan ta med svoltne karar på deit, og det veit vi er eit topp skussmål frå vår side! Alt av mat fell i smak, vi vonar staden held ut også til det blir litt koselegare omgjevnadar.

Kommentarer




Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024
Rugantino
Koseleg lokale på Youngstorget, sentralt men litt anonym inngong - vi såg fram til vårt første møte på lenge!
September 2024

Overvåket av vakthund.no