Med ein meny som varierer frå meze til indisk, var vi litt usikre på kva som venta oss på denne staden som ikkje ser heilt topp ut frå utsida og liknar meir ein brun pub, men med ok uteservering. Og brune pubar kan overraske!
Innsida skårer nok heller ikkje topp i stilkarakter, men det er jo ikkje alltid lokalet som tel når det gjeld mat og smak - såpass har vi lært! Det var i alle fall reint og fint, og det er heller ikkje til å kimse av.
Vi gjekk for diverse meze til bordet, med klassikarar som hummus, falafel, köfte og liknande. Det som var nytt for oss, var friterte bladbetebollar som vi bestilte av rein nysgjerrigheit. I tillegg valde vi ei lammegryte, som synte seg å ha ein slags indisk vri, i tillegg til saganaki, sucuk og scampi med klassiske pitabrød.
Scampien kunne vi nok spart oss, den passa ikkje heilt inn. Falafelen verka veldig fersk og var god på smak, saganakien likte vi alle saman veldig godt - god kombo av smakar!
Karakter: M-
Maten er heilt innafor til ein ok penge, og servicen er litt i rykk og napp men det var ganske mange folk der og berre ein på jobb så det er fullt forståeleg. Det eine pitabrødet kom på bordet når vi mest var ferdige med maten, men det vart også bestilt hakket etterpå første bestilling så vi kan til ein viss grad ha forståing. Imidlertid burde det gå ganske raskt å få eit ekstra brød på bordet, det tek normalt ikkje 15-20 min.
Vi forstår at Albertine er ein populær nabolagsrestaurant, og det vart ganske fullt inne då ei lita regnbyge skremde folk frå uteserveringa og inn i varmen. Dette er ein stad man lett kan gå innom for anten ei øl eller ti, med eller utan mat.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024