Fusgur logo

Sosialiseringsmiddag

Mars 2024

Keyser Social Dining

Beliggenhet:   Frogner
Kategori:
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag. Vi hadde merka oss at det på denne dagen skulle vere mogleg å velge smårettar frå menyen, medan ein elles vart tvungen til å velge anten 10 eller 13 rettar. Det skulle derimot syne seg at desse vala var å fråråde, då det var ekstremt små rettar og ein måtte ha 3-4 for å bli noko som likna på mett ifølge servitøren.
Vel, då slo vi på stortromma og gjekk for 10 rettar til 595,-. Litt ekstravagant, men sidan vi ikkje hadde hatt møte på 4 månadar var budsjettet litt romslegare. Det skal også seiast at prisen vart oppgitt til 695,-, men på heimesida kunne vi lese at mellom kl. 17 og 19 var det after work-pris! Dette vart tydeligvis ikkje automatisk gjort, men sidan vi gjorde dei merksame på situasjonen, skulle servitøren gjere sitt beste for å gi oss den prisen. Vi tenkjer dette burde gjerast automatisk så lenge det er eit faktisk tilbod!

Servitøren var rask på pletten med ein gong vi kom, etterpå var vi litt ute av syne, for å seie det sånn. Kan det vere av di vi drakk alkoholfritt...? Dette er nemleg noko vi opplever med jamne mellomrom, at dei som bestiller flasker med vin blir prioritert, medan vi på vassvogna kan få hakket treigare service. Berre ein teori!

Maten var ekstremt variabel. Nokre munnfullar var eksplosjonar av smak, og vi var veldig nøgde, medan andre var smaklause og kjedelege. Diverre var det flest av dei som ikkje vi kjem til å hugse igjen, noko som også gjer at dette ikkje blir ein stad vi kjem attende for å legge att pengar ein gong til. Hadde alle rettar vore av same standard som første, hadde det vore noko anna! Blant anna var fiskeretten veldig tam, søtpotetene var mest frityrdeig utan smak og kokosdesserten var nok berekna på dei som verkeleg elskar kokos.

Karakter: G
Som sagt, VELDIG blanda oppleving, både når det gjaldt service og matoppleving. Nokre rettar fortener full pott, andre får stryk.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no