Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
Det var ein kul inngong som møtte oss, og vi vart geleida opp i ein slags mellometasje til bordet vårt. Vi trudde først dette var ein veldig liten plass, men både mellometasjen og andre etasjen hadde godt om plass.
Nokre av oss var særs svoltne og klar til å prøve alt mogleg, og 3 av oss gjekk difor for delemenyen. På den står det altså ei rekke matrettar men ein må vere minst 2 i selskapet for å få denne.
Menyen:
Cucumber & Wood Ear Mushrooms Salad
DIM SUM: Har Gow / Siu Mai / Pot Stickers / Spring Rolls / Fried Shrimp Dumpling / Spicy Wontons / Baked BBQ Pork Buns
MAIN: Crispy Garlic Fried Chicken / Beef Rice Noodles //
DESSERT: Mango Pudding with Coconut Ice Cream
Agurken var agurk, og den er jo frisk men i seg sjølv ikkje noko vi treng ete igjen. Men det var litt spanande mat her, blant anna var svinebollane spanande - verka som ein bolle rulla i sukker men med mørt og godt svinekjøt inni, merkeleg kombo som fungerte overraskande bra! Har lite å utsetje på noko som helst, og då hovudrettane kom var vi eigentleg litt mette men fekk rydda plass på mystisk vis... og både nudlane og kyllingen var veldig gode på smak.
Desserten var, vel - pudding. Og pudding er jo pudding, ikkje ein topp favoritt men heilt innafor og artig å prøve.
Karakter: M
Dette er ein stad vi lett kan gå tilbake til! Du treng ikkje ete heile den menyen, men er du nysgjerrig på diverse smakar så er det jo utan tvil eit ok tilbod. Heilt klart bra at dei som er mindre svoltne kan bestille smårettar for seg, det er rett og slett ein stad du kan gå uansett kor mykje mat du har plass eller lyst på, og dei har også gode cocktailer å by på.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024