Fusgur logo

La Guitarra - NEDLAGT

Juni 2007
La Guitarra (nedlagt)

Beliggenhet:   Fredensborgveien 42
Kategori: Spansk
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 1.001.001.001.001.00
Miljø: 2.002.002.002.002.00
Pris: 2.002.002.002.002.00
Karakter: 2.002.002.002.002.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Ein overskya sommardag siste veka i juni, er det på tide med neste fusgur, denne gongen er det La Guitarra som står for tur.

EV: Mmm paella eller bacalao?
MO: Eg blir gjerne med på en paella om du vil ha, må visst vere 2 pers for å bestille.
Servitøren kunne fortelje at det tok 45 min å lage paella, og sidan vi var svoltne som ulvar, valde vi andre rettar. EV og SD valde bacalao, medan MO valde den anbefalte indrefileten.
Det skulle vise seg at ALL mat tok 40 min å lage, så det hadde gått for det same kva vi bestilte.
EV: Dette er vel ikkje klippfisk? Det er jo berre ihelkokt torsk?? Eg føler meg lurt!
MO: Mmmm denne kua er god altså.. og så god saus! Og potetmos!
SD: Jeg synes dette var godt jeg, kjenner ikke om det er ekte klippfisk eller ikke så får meg har det ingenting å si. Men jeg forstår at en klippfiskkjenner kan føle seg lurt.
EV: Ja, dette var slett ikkje bra. God saus, men slapp fisk. Håpar gitarmannen er usannsynleg bra, skal han ikkje ta til å spele snart?
Og vips! kom gitarmannen på plass. Han sat i baren og klimpra, ganske ok med litt bakgrunnsmusikk, i alle fall når lokalet var såpass tomt som det var.

Karakter: G

Lokalet er for så vidt heilt greit, betjeninga er hyggjeleg og var raskt på pletten, men noko anna er vel ikkje å vente når det kun er to bord med gjestar. Lang tilbereiingstid trekk ned, og eit glas husets kvitvin var prisa til 76 kroner og absolutt ikkje verdt prisen. Og har klippfiskkjennar EV rett, så er det nokså skuffande å fjuske til ein bacalao på den måten!

Det var ein liten gjeng som var samla, så debatten dreide seg rett og slett mest om mat. Og sjølvsagt debatten klippfisk eller ikkje klippfisk. Vi ser fram til Quarten, og kanskje får vi nokre gode kulinariske opplevingar i Palmestaden. Det vart også avgjort at neste møte er flytta til august, då juli er ein særs dårleg månad å samle folk på.
Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
I was serlsuoiy at D
Kayleen 26.12.2016

I was serlsuoiy at DefCon 5 until I saw this post.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no