På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Lokalet er lyst og fint, og sjølv om det er relativt enkelt er det koseleg nok og ein kan velge sjøl om ein vil sitje åleine (eller saman med nokon) ved vindauga, eller om ein ønsker bord inne i lokalet.
Vi hadde bestilt bord, men nett denne måndagen var det romsleg nok - men betre føre var!
Menyen er relativt kort, med 4 ulike ramen. I tillegg er det nokre smårettar også, men vi gjekk sjølsagt for ramen.
MO valde spicy miso ramen, medan SD havna på kylling shoyu paitan ramen.
Etter ikkje altfor lang tid kom dei på bordet, og vi kan seie det slik at det varma godt denne snørike kaosdagen! Det var så gode smakar, sjølv om den spicy ramen ikkje var superspicy, at vi lett kjem attende fleire gongar.
Desserten freista ikkje i dag, men vi tok beina fatt og gjekk i snødrevet over til sentrale Løkka for å meske oss med ein god dessert på den originale Villa Paradiso. Det er alltid ein suksess, og det var det også denne gong. Veldig koseleg, og vi fekk lada batteria til det som vart ein laaaang veg heim.
Karakter: M+
Her er dei veldig spissa på mattilbodet, og heldigvis er det god kvalitet på det ein får servert. Ein blir god og mett på ei velfylt suppe, og ein kan lett gå hit åleine utan å kjenne seg åleine. God mat, gode smakar, behageleg og inkluderande miljø. Desserten på Villa vart ein tiramisu og ein valdsam porsjon gelato - også ein innartiar!
Vi seier som Terminator - "Ill be back."
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024