Fusgur logo

Rotishop

September 2023

Rotishop

Beliggenhet:   Oslo sentrum
Kategori: Tamilsk
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 5.005.005.005.005.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande! Siden det denne gong vart ein avstumpa gjeng som skulle ut og fusgurere, gjekk vi for eit besøk hjå Oslos minste restaurant - Rotishop. Dette er altså ein stad med plass til 14 personar, dog kan vi vel seie at det er såpass trangt at vi forstår kvifor dei ber oss unngå store vesker og handleposar... Her skal du like å prate med sidemannen!

Kokken, dagleg leiar og servitør alt-i.eitt er veldig hyggjeleg og flink til å prate - han var veldig open om at grunnen til at dei no vel å legge ned denne vesle drifta var på grunn av høgt arbeidspress og dårleg inntening i forhald til innsats. Det forstår vi godt, og vi er difor ekstra glade for at vi rakk innom! Dei driv primært med import av varer som er av interesse spesielt for personar frå det sub-indiske kontinent, og som kan vere vanskeleg å oppdrive elles i Noreg, og denne verksemda skal dei halde fram med.

På menyen står det ikkje noko. Du får rett og slett berre velge med eller utan kjøt, og på førehand ber dei også om å unngå inntak av tyggis, kaffe eller te dei siste timane før ditt besøk for å ha smakslaukane best mogleg førebudd. Forventningane var store, og SD var litt redd for korvidt nivået på krydringa kom til å øydelegge opplevinga.

Tallerknar finst ikkje, all mat serverast på bananblad. Det er litt uvante krydder, men det fanst ikkje sterkt - og det var absolutt gode smakar! Heile kvelden var ei oppleving, det var god stemning og veldig annleis, og maten var heilt innafor. Vi gjekk for kjøt-versjonen, som er samme som den veganske berre med nokre kyllingbitar på toppen.

Karakter: G+
Maten er heilt ok. Opplevinga er også annleis, og dette er absolutt litt kult å gå på - men ikkje med ein gjeng som vil sitje saman. Lokalet eigner seg best til 2 pers rundt bordet, som ikkje har problemer med å bevege seg i tronge farvatn.
Artig!! Veit vi kva vi åt? Nei, ikkje heilt. Vi veit at det var jackfruit og noko vi meiner dei kalte drumsticks, ein slags super-grønsak, og så var det noko ris og noko grønsaker. Meir detaljar har vi diverre ikkje, men vi angrar ikkje på at vi tok turen!

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no