Fusgur logo

Hao

August 2023

Hao

Beliggenhet:   Majorstua
Kategori: Asiatisk
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Vi våga oss bort til Majorstua, ganske greit plassert eit steinkast unna krysset, for å prøve oss på ein vietnamesisk restaurant SD har gått forbi mange gongar men aldri fått prøvd. I dag vart det! Vi delte to forrettar, tempura scampi og wontons. Greit å merke seg at scampi kjem 3 stk. og wontons 5. stk, ikkje alltid like enkelt å dele på 4 men det ordna seg.

Til hovudrett gjekk både MO og SD for den klassiske Pho, og håpa den var så god som den kan vere - klassisk komfortmat som varmar kropp og sjel! SJ gjekk for ein kvassare variant med ekstra god kraft, dumplings og svinekjøt. AH endte opp med kylling-wok - og etter kort tid kunne vi seie at ho gjekk nok av med "seieren" denne gongen..

Pho-en var litt smaklaus, den metta godt men litt vassen kraft, rett og slett. Kjøtet i suppa til SJ var heller ikkje til å anbefale, svinekjøtet som kom var som ei slags servelatpølse som var skore opp, veldig merkeleg og uventa.

Karakter: G-
Sjølv om forrettane var heilt ok, og hovudrettane var etande, så er det nok ikkje staden vi kjem attende med det første. AH var veldig fornøgd, så karakteren er vanskeleg å setje når det sprikar såpass mykje på smaksopplevinga.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no