Hasle? Løren? Usikker! Men vi fann no fram, Sugar and Spice ligg på Vinslottet på Hasle, rett rundt hjørnet og bittelitt vanskeleg å finne på strak arm.
Utsikta frå restauranten er eigentleg litt rett i søppelhandteringa. Riktignok fin og nedgravd søppelhandtering med berre desse oppstikkarane, men like fullt - ikkje topp utsikt og heller ikkje på solsida.
SD har frekventert denne staden fleire gongar, og kan fortelle om tidlegare ypperleg service. No har kanskje ferievikaren teke over, for det var ikkje akkurat full fres trass ganske tomt lokale. Lokalet i seg sjølv er koseleg nok, ganske lite, men ikkje staden for lange, romantiske middagar.
Vi prøvde oss på asiatisk taco, bao med kylling, salat med crispy kylling, pad thai, dumplings og nudelsalat.
Det var ei blanda oppleving. Salaten var nok den minst sunne salaten vi har sett på nokre år, men absolutt god - fritert og crispy kylling med chilimajones i overflod, pad thaien var rett og slett litt kjedeleg og kunne lett ha fått litt meir smak.
Dei hadde berre nok taco til ein person, så det skar seg litt i planen og difor måtte vi gå over på hovudrettar.
Vi kan vel slå fast at smårettane heldt eit heilt anna nivå enn hovudrettane for vår del, men det ryktast at hovudretten General i alle fall er verdt å prøve! Fleire gongar!
Karakter: G
Tragisk dårleg service, diverre, det viser kor sårbare og personavhengig slike stader kan vere. Veldig variabel mat, men ikkje noko var dårleg - berre litt kjedelegare enn venta etter nokre gode smårettar som først fann vegen.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024