Fusgur logo

Registan

Mai 2023

Registan

Beliggenhet:   Gamlebyen
Kategori: Usbekisk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 5.005.005.005.005.00
Miljø: 2.002.002.002.002.00
Pris: 5.005.005.005.005.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Registan har fått mykje kred i div. media, og då var det på sin plass at vi tek oppfordringa og vitjar før det tek heilt laust! Nokon av oss måtte sjekke på kartet kor Usbekistan faktisk ligg, så då fekk vi friska opp geografikunnskapen også. Pga. varmen som herja brått i hovudstaden, valde vi å sette oss ute. Dei har heilt enkle bord og stolar på fortauet, og det er ikkje altfor ille trafikk som fyk forbi så det gjekk heilt fint å halde ein samtale. Stolane og bordene inne er også for så vidt enkle, men ikkje noko gale med det.

Servitøren var raskt på pletten, og kunne fortelje at alt på menyen var heimelaga. Då vi var sugne på å prøve ulike ting, fekk vi også ein spesialdeal sidan det var første gong vi var der – så då fekk vi 3 stk. manty (noko dumpling-liknande greier) og 3 stk. somsa, vi valde den med spinat og løk. På den måten fekk vi prøve begge delar utan å måtte rekne ut korleis ein enklast mogleg deler 5 stk. på 3 pers.! Topp service, der altså.

Etterpå gjekk MO for usbekisk plov, SD for lagman og AH tok lammekotelettar med potet og grønt.
Mantyen var god, men kunne lett vore meir krydra – kanskje dei ikkje er så hissig på krydder i Usbekistan? Somsaen var absolutt både lekker og god, og det kom ein youghurtdip og ein chiliblanding på bordet. Chilien gjorde seg godt, og vi fekk ei ekstra skål til hovudrettane kom på bordet.

Vi kan vel seie det sånn at lagman var nok vinnaren av hovudrettane. Det var heimelaga spaghetti med lammekjøt og div., veldig god smak på saus og alt – overraskende godt!
Lammekotelettane var også veldig møre og gode, og potetane var mest sannsynleg kokt først og så fritert, godt var det i alle høve.

Ploven var litt vel traust, så MO krydra med både salt, pepar og ei skål chilidip, men alle porsjonar var rause og det var ikkje noko usmak å finne. Servitøren var litt engsteleg om vi ikkje likte maten sidan ingen klarte å ete opp, men det var rett og slett ikkje plass til alt!

Bortsett frå kake. Vi måtte rett og slett dele eit stykke honningkake, sjølv om SD ikkje er fan av honning så vart det slik. Og den smakte ikkje direkte honning, men den var nydeleg og fluffy og god – rett og slett slik at ein lett kan ta turen og berre ete dessert om det skulle høve seg sånn!


Karakter: M
Dette er staden å gå for hyggjeleg service med litt stemning av familie, det meste ser ut til å kunne la seg gjere og dei set pris på tilbakemeldingar. Vi har lite kjennskap til usbekisk mat, men har lite å utsetje på det og kan krysse av nok eit kjøken på fusgur-lista. Mett blir du også, og prisane er enn så lenge ekstremt innafor. Neste gong prøver vi napoleonskaka, som såg ut som den kunne ha ein eigen, usbekisk vri på seg.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no