Endeleg kom vi oss inn på den kinesiske som lenge har vore berykta for den hemmelege, raude menyen med "ekte" kinesisk mat på. No har imidlertid den raude menyen kome ut av skåpet, og ligg på borda til alle som vil sjå og vurdere om dei ønsker fatty intestines eller lignande godsaker.
Vi kan avsløre med ein gong at ingen av oss gjekk for dei mest autentiske rettane, som blant anna byr på innvollar av ymse slag, bullfrog og div. vi er litt usikre på.
MO gjekk for sautert shredded (usikker på korrekt norsk for dette) svinekjøt, SJ valde szechuan spicy chicken - begge frå den raude menyen. Bente valde tofu, SD våga seg på and med sursøt saus og AH gjekk for ein komborett med både sjømat og kjøt. Til forrett delte vi også nokre vårrullar, som kom på bordet rykande varme og veldig gode!
Servitøren tok styring frå første stund, for utanforståande kan det høyest ut som kraftig kjeft og dårleg stemning men ho var rett og slett berre godt vant med å finne ut kva folk faktisk kan ete og like. Ho var morosam på gebrokkent norsk, og sprudla i veg og lo av det meste - og vi lo av oss sjølve der vi sat og fekk beskjed om at kanskje vi burde bestille frå "norskemenyen" som var lett krydra og sjølv nordmenn flest kunne ete av.
Lokalet er jo ikkje superkoseleg, og det er litt vel mykje klang i rommet - men dette er ein stad kor ein går for å ete god mat og ein er velkomen uansett korleis ein kler seg og kva ein skal ha.
Og maten? Den var utruleg god! SJ var litt skuffa over at kyllingen hadde bein i seg, og den hadde verkeleg mykje bein - det å jobbe med rensking når ein et er ikkje innartiar, men på den andre sida så var det frå den "ekte" menyen og då kan ein vere obs på slike overraskingar... svinekjøtet var så godt at MO var på gråten då ho ikkje hadde meir att (trass ekstremt full mage), anda var mør og god med god sursøt saus til, tofuen vart godkjent frå dei som likar tofu, og alle vart gode og mette.
Karakter: M
Bein i kyllingen utan at det er oppgitt er litt trekk. Det er heller ikkje ein luksusrestaurant ein går til, eller fancy lokale, men vi kan utan tvil anbefale å ta turen! Det er utruleg gode smakar, eksentrisk stemning og du føler det verkeleg velkomen. Når du blir van med måten å bli ønska velkomen på i eit hektisk miljø, sjølsagt. Reserver bord om dåkke er fleire, her er det alltid fullt!
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024