Fusgur logo

Gamle Raadhus

September 2022

Gamle Raadhus

Beliggenhet:   Oslo sentrum
Kategori: tradisjonell
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Så vart det slik at fusgur i september vart beståande av kun personar fødd i nettopp september, og vi såg høve til å gjere litt ekstra ut av det ved å velge ein restaurant som normalt sett er langt utanfor prisområdet til fusgur tradisjonelt sett. Gamle Raadhus er jo ein institusjon i restaurantmiljøet i Oslo, med historie tilbake til 1600-talet. Heldigvis er ikkje maten like gamal, men lokalet er heilt klart best eigna til haust/vinter, med koselege rom og veldig lunt miljø.

2 av oss gjekk for dagens 3-rettars, som var betetartar med chevre, langtidsbakt svineribbe og sjokoladenemesis. Servitøren var på plass med ein gong, og fekk også ordna det slik at den eine trerettaren kunne få ein annan forrett grunna utfordringar med fordøying av blant anna chevre - det vart fiskesuppe i staden. Sånn service set vi stor pris på!

Dei andre droppa forrett og gjekk for lammeskank og kveite, og litt bobler kom også på plass - det var trass alt feiring!

Forretten kom på plass, og det viste seg at fiskesuppa var i overkant salt. Veldig synd! Kan kokken ha vore ute og dobbeltsalta? Betene med chevre, derimot, var ei smaksbombe av rang! Rett og slett nydeleg, og raus porsjon.

Svineribba med gresskarpure hadde også mange gode smakar å by på, mør og fin. Lammeskanken var stor og fin, veldig god og mør den også. Men kan vere at kveita vann denne gongen, den var rett og slett perfekt.

Etter kvart kom også desserten på bordet, ein sjokoladekake i konfektkategorien med ein skogsbærkompott, vaniljeis, nyrkrem og litt havrekrønsj i perfekt kombinasjon. Ei oppleving alle sjokoladeentusiastar burde unne seg. Og, det vi alltid skulle ønske restaurantar har på menyen, petits four - nokre små og søte godbitar for dei som ikkje ønskar ein raus dessertporsjon. Heilt supert.

Karakter: M
Maten var veldig god, med unntak av den altfor salte fiskesuppa. Dog vi var imponert over servicen til å begynne med, så dabba den kraftig av undervegs - kanskje grunna eit selskap beståande av det som kunne sjå ut som bemidla herremenn 50+? Vi er usikre, men det vart aldri noko tilbod om meir drikke til maten, den bestilte raudvinen lot vente på seg og kom rett før siste biten av ribba gjekk inn. Her går dei glipp av meirsal!



Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no