Første fusgurbesøk på ein vegansk restaurant, her våga vi oss ut i nye og ukjente farvann!
Dei som tidlegare har vanka på Løkka, veit mest sannsynleg kor Sultan låg og sørga nok greit når dei måtte stenge og gi plass til Espresso House. No har heldigvis Cultivate food teke over, og i hipsterånden som rår på Løkka er det altså vegansk som gjeld no.
Dette er ein stad som ikkje akkurat er det mest romantiske. Sidan disken er full av varmrettar, og nokre må bestillast, er det ikkje slik at ein kan få maten samstundes - det er altså meir ein kafè enn restaurant, slik vi ser det.
Vi gjekk for søtpotettaco, pizza, quinoasalat og gulrotsuppe med ymse toppings. Tacoen måtte lagast på bestilling og tok 20 min, medan dei andre matrettane stort sett var klare og ferdig med ein gong. (Her må ein stå i kø i kassa uansett kva ein vil ha.)
Karakter: M-
Pizzaen var grei nok, men smakte kanskje litt mikroaktig og vart litt kvalmande etterkvart så den vart ikkje eten opp, rett og slett. Salatane var rause i porsjonar og gode på smak, gulrotsuppa varma godt og tacoen var også god på smak. Veldig godt med litt sprø innslag i form av sprøsteikte kikertar midt i all søtpotet og guacamolen! Ein raus og rimeleg porsjon pommes frites var også på bordet, lite å klage på der.
Prisnivået er såpass lågt at her kan ein lett prøve fleire rettar utan å blakke seg! Både lasagnaen og bakt paprika såg freistande ut, så kanskje vi kan prøve på privaten ved eit seinare høve.
No har vi ikkje så mykje å samanlikne med når det gjeld vegansk mat, men både lokalet og maten verkar innbydande.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024