Vi hadde lest gode ting om Scarpetta i Operapassasjen, og bevegde oss dit for siste møte før sommaren skulle slå til.
Vi fekk bestilt risottoboller, arancine, til forrett og delt på gjengen rundt bordet då alle ville smake. Arancine er veldig godt, og desse var også gode - dog kunne dei nok ha drege fordel av litt rausare krydring.
Etter kvart kom fusili med salccicia, risotto med basilikumpesto og raude pastaputer med aubergine, mozarella og tomat på bordet.
Det var absolutt gode smakar, det var nok dei raude pastaputene som skuffa mest denne gong men ikkje alt passar alle. Den store skuffen kom nok då vi bestemte oss for å gå for dessert.
Det vart bestilt både panna cotta og cannolo, og dei bar begge preg av å ha vore lagra i lengre tid.
Cannoloen var ganske seig, både inni og utanpå, men heilt ok på smak.
Panna cottaen, derimot, den var såpass gamal og kjip at vi sendte den tilbake. Det var ein halv cm med snerk på toppen, og med ein pris på 129,- kr så var det ikkje noko å tenke på. Vi fekk huka tak i servitøren og ga beskjed om at den ikkje kunne etast.
Han slo ganske fort over til engelsk, etter tidlegare å ha prata norsk med oss, og lurte på om vi ikkje likte panna cotta? Jauda, det gjer vi faktisk, men vi veit også at ein panna cotta IKKJE skal vere slik. Det vart ein del om og men før han tok med seg desserten til kjøkenet for å prate med kokken, og det var det siste vi såg til servitøren.
Men, då vi skulle betale var panna cottaen i det minste vekke frå rekninga så noko har i alle fall skjedd..
Karakter: G-
Maten i seg sjølv var ok, men ikkje minneverdig og ikkje noko vi har behov for å prøve igjen. Dessertane var definitivt minneverdige, og servicen kan vi ikkje anna enn å riste på hovudet av. Vi forstår at bransjen slit med fagfolk, og at det i stor grad kan påverke servicenivået men vi må nesten slå eit slag for å bruke sunn fornuft og oppføre seg vaksent når gjestar tek kontakt.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024