Ein av dei få dagane det brått skulle kome nokre dråper frå himmelen, valde vi altså å besøke ein relativt ny, men allereie godt omtala, stad på Løkka. Tidlegare heldt vel Tipo pizzeria til i same lokale, men Zarathustra har flotta opp litt og det funkar greit.
Det er særs sjeldan vi set oss til bords og bestiller ALT på menyen, men det var nett det som skjedde denne dagen.
Om ein ikkje vel den faste mezemenyen, men heller går for smårettar à la carte, må ein nemleg ha minst 3 rettar per person.
Som sagt, så gjort! Dei hadde 9 smårettar på menyen, og sidan vi var 4 stk. rundt bordet måtte vi rett og slett bestille 2 av nokre rettar. Og det synte seg å bli nok mat til alle, det var vel ein einsleg potetbit som vart med ein tallerken tilbake til kjøkenet.
No var det 4 svoltne fusgurar rundt bordet, så då maten kom etter knapt 10 minutt, var det tendensar til frenetisk eting dei første minutta før vi fekk roa ned litt. Vi prøvde då å kjenne etter kva meze vi tenkte var best, men dette er ikkje enkelt! Det var rett og slett for mykje godt, sucuken var godt krydra, pastirmaen var god og salt, rødbetdippen (som vi tok to stk. av) passa veldig godt til fetaosten.
Hummusen var kanskje noko smaklaus i forhald til forventa, men teorien her er at vi hadde så mykje krydder på gong i dei andre rettane at dei stal kanskje litt av smakslaukane når hummusen kom inn i gapet litt på tampen av fråtsinga.
Brød stod ikkje på menyen, men vi fekk spørsmål om vi ville ha meir av brødet vi fekk før måltidet - men det var rett og slett berre å innsjå at det var ikkje det magemål til.
Karakter: M+
Dette er nok av dei beste meze vi har smakt i Oslo! Vi samanlikna med andre stader, både når det gjeld pris og lokale, og kan vel seie at det einaste som trekk ned var stolane. Lokalet var fullt av folk men utan at det vart for bråkete, servitørane var på hugget - diverre ikkje alle norsktalande, men slik har det vel blitt over heile rekka - og prisen var heilt innafor.
Zarathustra - vi kjem attende!
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024