Denne staden på Grønland er visstnok kjend for bra og rask, rett og slett god fast food på godt norsk.
Då var det berre å teste!
Vi prøvde oss på blant anna på samosa, vadai, string hopper, puttu og curry.
Både smakar og retter er heilt klart noko uvant for oss, og enkelte i følget fekk svettekollaps av styrken på til blant anna samosaen og eit par dippar. Andre igjen, tykte det var heilt innafor og var særs nøgd! Men, det er nok greit å ha i bakhovudet at dette ikkje er berre berre for dei som kanskje set pris på meir moderat styrkegrad på maten.
Det var heilt klart interessant å prøve ting vi aldri har sett før, som vadai, string hopper og puttu. Det fall ikkje like greit i smak hjå alle, men då er det ekstra kjekt at prisane er veldig overkommelege!
Ingen prøvde seg på dosaien, så det er usikkert korleis denne ville slått an.
Vi såg aldri noko av brødet MO og SD bestilte til maten, men lot det vere då vi slang oss på eit nanbrød AH bestilte og mette vart vi uansett!
Karakter: G-
Dette er ikkje staden ein kjem for romantiske middagar og bra service, men er du svolten og set pris på mat i denne sjangeren kan du trygt ta turen innom! Det er rause porsjonar og heilt ok mat, sjølv om noko av kjøtet ikkje akkurat var godt mørna.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024