Dei lokkar med venetiansk mat, både smårettar og hovudrettar - vi gjekk for å prøve smårettane, og delte søsterleg på ein rekke av desse.
Servitørane var imøtekomande og raske på pletten, og dei anbefalte i alle fall 4-5 smårettar om vi var 3 stk. som skulle dele.
Vi gjekk for nduja al mascarpone - piska mascarpone med nduja salami, baccalao på venetiansk vis, potetkrokkettar og krabbekrokettar, samt carta de musica - løvtynt brød med laukmarmelade på.
Det var små porsjonar, men passe å dele på 3 - dog kunne vi nok hatt fleire rettar på bordet for å bli skikkeleg mette. Vi gjekk imidlertid for dessert etterpå for å fylle på litt i staden.
Maten kom fort på bordet, og det var gode smakar sjølv om nokre av rettane kunne hatt godt av litt ekstra krydring. Spesielt potetkrokettaene var veldig fluffy og fine men kunne med fordel vore krydra litt rausare.
Karakter: G+
God service, ope og fint lokale. Maten var god, men om det er venetianarar som ikkje set pris på mykje smak eller om det er lokale variantar som gjer at ting kan bli litt smaklaust, vitast ikkje. Vi tek gjerne turen tilbake for å teste hovudrettar og pizza, men smårettane kjenner vi oss ferdige med for denne gong.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024