Fusgur logo

Listen to Baljit

Juni 2021

Listen to Baljit

Beliggenhet:   Frogner
Kategori: Indisk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Endeleg har fleire fått opna, så vi våga oss til Solli/Frogner for å sjekke ut Listen to Baljit og deira spanande meny. Sist vi var ute på ordentleg, var vi også på indisk med litt same retning. Difor valde MO å gå for dosa igjen, då ho var litt skuffa forrige gong - i tillegg til eit særs høgt prisnivå. Her kosta den nesten halv pris, verdt eit forsøk.

Menyen består av gatemat-rettar i mindre format, i tillegg til "vanlege" hovudrettar. Dei sa frå at vi trongde 2-3 rettar for å bli mette, men dosaen var den største så då haldt det med 2. Synte seg i ettertid at det nok hadde vore nok med ein dosa, men det var såpass godt at det meste gjekk ned likevel!

MO bestilte også ein Bombay burger, klassifisert som berømt gatemat frå Mumbai. Den var også særs god!

Bente gjekk for 3 smårettar, som var meir enn nok, og delte raust med sin puri til dei som orka meir mat. SJ satsa på ein spinatbasert rett og AH valde ein mix av sjømat og kjøt.

Alt som kom på bordet, var godt. Men vi tenkjer at smårettane vann kanskje denne gongen, og den mixed grillen kom også utan saus - som var litt uvant og kanskje burde åtvarast om for sausglade nordmenn.

Karakter: M
Prisnivået er ikkje hårreisande, og maten er god. Det var ganske fullt, og div. sykkelbud kom stadig vekk innom for å hente bestillingar, men dette er uansett ein stad vi lett går attende til. Dei gode smakane freister rett og slett til gjentaking!

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no