Sidan Oslo framleis held stengt, såg vi oss til slutt tvungne til å teste ut å få mat på døra. Torshov var staden, og MeiWei spiseri vart vald som testrestaurant denne gongen.
Foodora-appen vart lasta ned, og bestillingar sendt avgarde. Det vart 20 minutt forseinking på leveringa, litt frustrerande at appen i 20 min. kunne fortelje at det var mindre enn 5 minutt att til levering.
Maten var varm nok då den endeleg kom, og vi prøvde blant anna Dim Sum kombo, steikte nudlar med peanøttsaus, vårrullar med and, godt krydra sjømatpot og spicy biff pot med ekstra grønsaker i staden for ris. Bonus for at dei tok seg tid til å lese ønsket om nett dette, då det stod at det kanskje ikkje vart teke hensyn til kommentarar.
Vårrullane var gode, utan at vi kunne seie smak av andekjøt var framtredande til den grad at det forsvarar høgare pris. Det var eit lass med nudlar, for mykje til å klare å ete opp, så tilbehøret måtte prioriterast. Peanøttsausen var god på smak, men kunne godt ha vore litt sterkare - men det er ein personleg preferanse, den stod ikkje oppført som noko anna enn mild.
Porsjonane var rause, og det var mange gode smakar rundt bordet. Vi vart alle positivt overraska over maten, og kan lett kome attende som gode kundar! Dei av oss som bur i provinsen ergrar oss over liknande tilbod i nærleiken.
Lokalet og service er vanskeleg å karakterfeste på MeiWei sine vegne, men Torshov kunne tilby særs gode fasilitetar og gode bær til dessert som bonus.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024