No er det lenge mellom møta, men ein kald februardag rakk vi ein tur ut blant folk i levande live - rett før nye restriksjonar stengde ned byen.
Kva vi bestilte:
Masala Dosa, Chicken 65, Tikka Masala og lam Sukka.
Vi ba om å få både masala dosa (dosa med potetfyll) og chicken 65 samstundes, i staden for kvar for seg. Det gjekk skeis. Ikkje nokon fekk maten til same tid, så det var nokre romlande magar rundt bordet medan andre omlag vart ferdige med både for- og hovudrett før maten var servert til alle.
Chicken 65 var skuffande, dette er ein rett vi har prøvd fleire stader men her var den ganske så tørr. Vi vart åtvara på førehand om at dei var tom for beinfritt kjøt, så vi fekk med bein i, men det var uansett ikkje fulltreff.
Masala dosa var godt, smakte som det skal - dog ganske høg pris for lite mat.
Tikka og sukka gjekk nok av med sigeren denne gongen, særs mørt kjøt og gode smakar på båe delar!
Opptur kom på slutten, då servitøren kunne seie at dei prøvar ut ein ny dessert på menyen og at vi alle fekk denne kostnadsfritt. Det var ein slags søt mjølkesuppe med spesielle riskorn og nøtter i, slett ikkje dum! Nokon rundt bordet gav det toppkarakter blant alle indiske dessertar nokon gong innteke, andre følte det vart litt i overkant søtt til slutt men kunne samanlikne det med ein slags suppevariant av riskrem.
Karakter: G+
Veldig varierande. Flott lokale, og veldig imøtekommande og hyggjeleg servitør. Det er diverre ikkje så kjekt at alle rundt bordet får maten til ulike tider, og den forretten bør seriøst revurderast. Prisnivået er også ganske høgt. Alt i alt var dette likevel ei hyggjeleg oppleving, og vi fekk både ein varm velkomst og avskjed.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024