Andleta var frosne til is idet MO og konsulent SR runda hjørnet til Rubina Ranas gate og endeleg såg Vognmand Nilsen i det fjerne. Ein halvtime for tidleg ute, men det skuldast isande vind som gjekk gjennom marg og bein og det freista rett og slett meir med eit glas musserande inne i restauranten enn vill og hemningslaus shopping på Grønland. Og godt var det ? dei resterande 3 fusgurar måtte alle få vegforklaringar pr telefon då panikken og kulda begynte å ta dei, alle etter tur.. Det er eigentleg ikkje vanskeleg å finne, men området er prega av byggeverksemd og noko uoversiktleg enn så lenge.
Servitøren var på plass snarast, og vi fekk informasjon om dagens rettar.
MO: Dagens husmannskost er andelår confit, og det er noko eg VEIT er godt.. Husmannskost er vel kanskje noko eg forbinder med til dømes kjøtkaker, men eg skal ikkje klage på andelår til kr 99,- akkurat.
SR: Den kveita såg veldig freistande ut.. eg trur nok det blir fisk på meg i dag!
IV: Oksefilet? Hm. Lammecarrè? Ja. Eg trur det blir lam idag! Det er vel poteter med..?
EV og SD satsa også på dagens husmannskost, og alle fekk bestilt seg eit glas musserande for å prøve å tine opp kroppen.
Det gode inntrykket av staden vart forsterka då servitøren kom rundt med ei korg 3 ulike brød som ho bydde på, og det var absolutt lov til å ta fleire stykke var beskjeden ? noko MO tok bokstaveleg og raska med seg ein prøve av kvart brød. Dyppa i god balsamico (tilsett sukker?) og olje var dette ein god start. Betre vart det då ein overraskande appetittvekkar vart servert, ein liten bit toast med oksetunge og tomat ? mykje godt!
Så kom hovudrettane på bordet, rykande varme.
IV: Hm. Dette såg ikkje ut som ein stor porsjon akkurat, men det ser veldig godt ut då.
MO: Mmmm dette andelåret var fortreffeleg!! Og mosen! Og små steikte poteter med skal på! Og god saus..
SR: Maten var god, men sjølve kveita var faktisk litt smaklaus tykte eg. Skulle nok ha krydra med eit eller anna, litt skuffande.
SD og EV smatta samtykkande med MO om at andelåret fall i smak.
Det synte seg å vere tilstrekkeleg med mat, vi vart alle mette men ikkje stappmette. Servitørane var oppmerksame heile tida, og fylte på med vatn etterkvart. Sidan vi skulle opp til EVs Inn for servering av nybaka sjokoladekake etterpå, vart det bestilt kaffe istadenfor dessert.
SD: Wow! Denne kaffe latten var god, og spesielt skummet. Jeg har rørt og rørt i det men det synker faktisk ikke. Et stort pluss!
Karakter: M+
Lokalet er fresht og nytt, men fortsatt koseleg. Høgt under taket, og litt kjølig for ein slik kald vinterdag ? men det kom seg etterkvart. Servitørane ytte god service til einkvar tid, og maten var rett og slett fortreffeleg. Dagens husmannskost gir deg mykje for pengane, stort pluss for godt brød og appetittvekkar. Absolutt ein stad å prøve! Ein liten feil på rekninga vart umiddelbart retta opp og gløymt.
Samtalen flaut fint rundt bordet om ymse emne. Vår kjære gjestekonsulent SN var venta utpå kvelden frå Kristiansand, men dette skar seg litt då snøkaoset tok trafikken og ho vart kraftig forseinka. Men det kunne nok vore verre, det synte seg at fleire stod bom fast på vegane i opptil 15 timar! Betre lukke neste gong. Det mest foruroligande debattema var SDs tilsynelatande fråverande evne til å seie nei. Slikt kan forårsake ubehagelege situasjonar, så vi råder SD til å nytte sin nyerverva Gudinnestatus til å gløyme dårleg samvit og andre unyttige kjensler og JUST SAY NO når uønska møter vert foreslått. IV slit til tider med sin ferske sambuarstatus, men reknar med det er kun ein innkøyringsfase. Born og fotball er relativt nytt og treng rett og slett litt lengre tilvenning enn venta.
Brukeranmeldelser
Haalelujlh! I needed
Will 25.12.2016
Haalelujlh! I needed this-youre my savior.
Alltid bra!
MO 03.03.2011
Vore på Vognmand 2 gongar på kort tid, samt hatt julebord der for litt tilbake - alltid god mat, god service - og ei kjensle av å få god valuta for pengane. Kjem tilbake!
Nudeleg!
Kenneth 01.08.2010
Gjeng og for blåskjell til forrett, hovudrett og dessert neste gong.
Herlege blåskjel!
EV 01.08.2010
Vognmanden leverer alltid. Åt blåskjell til forrett i juli 2010. Skulla gjerne hatt det til hovudrett og!
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024