Gode ord om Breddos Tacos satt fusgur på ferten av utprøving, men det var diverre eit sterkt redusert fusgur som kom seg til Mathallen. Heldigvis var vi 3 stk. med svolt for 5!
Tidlegare var det Champagneria som låg her, men dei har tydelegvis pakka sekken og forlatt åstaden.
Korona fører til særs høgt nivå på overvaking med registrering av alle som kjem til Mathallen, godt med plass mellom borda og servitørar som har høg arbeidsbelastning.
Det var mykje spanande å velge mellom, så vi gjekk for omtrent alt vi ville prøve og fekk til slutt servert det meste på menyen - tacos med fisk, med svinemage, søtpotet, ribbe, poteter med adobo med meir. Og vi åt godt!
Torsketacoen var veldig god, men det var også den med ribbe. Ein treng vel rundt 2-3 rettar per person, men det er ikkje eit stort problem då det freister å prøve det aller meste.
Karakter: M
Ikkje så mykje anna å seie enn at her vil vi gjerne kome attende. Rett og slett. Om berre bæsjekoronaen kan forsvinne så alt blir litt enklare igjen, så kan ein berre håpe at staden bergar seg gjennom.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024