Overalt har det spredd seg eit rykte om at Bono er beste italiensk i Oslo. Vi måtte prøve.
Bono har to sittinger, ein kl. 17 og ein kl. 19.30. Vi fekk plass på den første, og gledde oss trass ein fast meny der alle må ete det same, og det kostar 445 per person for 2 rettar. Litt stivt, men ok - kva gjer ein ikkje for ein autentisk, italiensk oppleving?
Vi fekk spekemat, burrata og ein spanande aubergine-rett i tillegg til meir ost til forrett. Det var eit par bitar skinke per person, men alt var nydeleg. Dette freista til gjentaking!
Hovudretten er hakket verre. Då får ein servert ein djuptallerken med ein hovudrett i, så må ein sjølv dele opp i antall personer som skal ha. Vi valde hakka svineskulder med casareccepasta og ravioli fylt med parmaskinke.
Raviolien var jo grei nok å dele opp, 7 pastaputer til kvar sånn ca. Casarecce-pasta var litt verre, med tjukke pastastrimler.
Båe deler var gode på smak, men litt ulike smakspreferansar gjorde at vi ikkje kom fram til ein favoritt. Ei heller var det ikkje noko her som skulle tilseie prisen, korkje i storleik på porsjon eller smaksmessig sett.
TIl dessert delte MO og SJ ein tiramisu, i håp om at den skulle konkurrere ut forrige forsøk, som var ein fadese. Og tiramisuen innfridde, den var liten og nydeleg. AH fekk ein affogato, ei kule vaniljeis med espresso over. Enkelt og godt.
Karakter: M-
Prisen er særs høg, og vi kjente at maten kanskje ikkje innfridde. Forretten var heilt klart den beste av rettane, og desserten var god men hovudrettane fall litt gjennom. Som eit sentralt medlem i fusgur uttala etterpå - eg kjem gjerne att, men då helst i lag med mor og far så dei betalar.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024