For første gong på fleire månadar, våga fusgur seg på ein ekspedisjon til ein stad med særs stor og tilgjengeleg uteservering.
Vi fekk plass på eit av borda ute, god avstand mellom borda og alle var bevepna med antibac og nærkontakt var strengt forbode.
Veldig koseleg område i sommarvarmen, og vi testa følgande:
Pizza diavola, villsvin, entrecôte og risotto med laks.
Pizzaen var nok ein vinnar her, og risottoen var god på smak men litt for al dente til å vere rein suksess. Villsvinet var mørt, men det fanst ikkje smak på korkje svin eller tilbehør og biffen var i overkant seig. Pluss for å vere fleksibel på tilbehør etter ønske, og det var heller ikkje feil på god drikke i glaset.
Til dessert delte vi ein tiramisu, som viste seg å vere ganske lurt. Den var stor, men også ganske smaklaus og slett ikkje slik vi skulle sett ein tiramisu vart laga. Det mangla rett og slett litt der også.
Servicen var heilt ok, korkje meir eller mindre.
Vår anbefaling: Gå hit for god drikke og kanskje ein pizza, ikkje forvent høgkulinariske opplevingar sjøl om kanskje menyen kan freiste med sånt. Det ser betre ut på papiret.
Karakter: G-
Det blir såpass låg karakter trass bra atmosfære og nokre ok matrettar, dei burde fokusere på det som er enkelt å få til heller ennå ta full pris på rettar som dei ikkje kan stå inne for.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024