Har ein ikkje fått booka bord på midlertidig særs populære Theka, vandrer ein gatelangs til neste høve byr seg. Vi havna på New Anarkali på Løkka.
Vi prøvde butter chicken, Tikka Masala og ein rett med fisk (hugsar ikkje navn). Delte eit nanbrød og prøvde også mango lassien.
Koseleg lokale, men altfor kaldt - som førte til frosne fingrar og lyst til tidleg exit. Dei kunne også med fordel ha skrudd opp lyset litt, så ein kan sjå kva ein får i seg.
Veldig god mat, servert i nydelege "kjeler".
Her får ein mykje mat for pengane, og kan trygt ta med seg svolte mannfolk!
Mango lassien var god og mektig, så den fekk telje som dessert.
Karakter: M
God indisk mat, utan dei store overraskingane. Du får godt med mat, prisen er heilt ok. Servicen gjekk ikkje altfor fort trass nesten tomt lokale, og vi fekk aldri spørsmål om vi ønska noko meir korkje å drikke eller å ete. Meir mat hadde vi verkeleg ikkje plass til, men slikt veit ein ikkje før ein spør.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024