Fusgur logo

Koie Ramen

August 2019

Koie Ramen

Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: Japansk
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 5.005.005.005.005.00
Miljø: 2.002.002.002.002.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Koie Ramen er ein restaurant som serverer klassisk japansk ramen (suppe med nudlar) og lite anna, utanom eit par smårettar. Her er det 4 ulike ramen-baser som du vel mellom, så kan du også velge ekstra tilbehør om du ikkje føler det er nok i suppa i utgongspunktet. Vi testa:
Sapporo City, dagens spesial basert på miso og tonkatsu med svinenakke - veldig mørt kjøt, mektig suppe med god smak men langt frå sterk.
Naygaro (med stor fare for feilstaving) city, dagens spesial med kverna kjøt. God på smak, litt meir styrke i krydringa men lite smak på kjøtet.
Misobasert suppe i vegetarversjon, god og mektig.
Siste av dagens spesial med and, svært godt krydra - på grensa til kva SD tålte - med veldig god smak. Uhøgtidleg kåring gjort av MO, som smakte på alt som vanleg, til å vere beste valet.

Vi delte også ein porsjon gyoza, som var veldig gode, tilnærma perfekt. Ponzuen som følgte med som dipsaus var særs god, og enkelte vart observert med skei ned i skåla sjølv etter gyozaene var konsumerte.

Det vart også bestilt iced matcha, ein kald versjon av matcha-te, og sencha som vart servert i små, søte glasskanner.

Karakter: M
Dette er ikkje staden å gå for romantisk samvér, ei heller for større grupper som trur dei kan prate seg mellom. Hit går du for å bli mett, det er god og mettande mat og det er ikkje eit problem å gå hit åleine. Maten kjem fort og lokalet er laga slik at ein kan sitje ved disk på rekke og rad. Veldig hyggjeleg servitør som prøvde å forklare prinsipp ved bestilling, og lyktes i dette i stor grad.

Kommentarer




Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024
Rugantino
Koseleg lokale på Youngstorget, sentralt men litt anonym inngong - vi såg fram til vårt første møte på lenge!
September 2024

Overvåket av vakthund.no