Rett bak teaterplassen på Grønland, ligg Holy Cow. Og det er verdt eit besøk!
Ein liten restaurant med høgt tempo, du må bestille i disken frå menyen som heng på tavla men maten kjem til bordet. Få sitjeplassar men maten kjem fort så dette er ikkje staden ein vil henge heile kvelden.
Vi bestilte:
Gol gappa, samoosa chaat, chole tikki chaat, pakora og kvitlauks-nan. MO gjekk også for ein mango lassi, som alle kunne konstantere var SÆRS god men ikkje kald nok.
Sjøl om du er innbarka kjøtelskar, kan du lett klare deg utan her sjøl om det finst både fisk- og kjøtrettar.
Maten kom veldig fort på bordet, og var veldig god - til ein rimeleg penge. 129 per pers for dette måltidet her, som riktignok er streetfood-rettar ein kan dele (eller ete alt sjøl) er så innafor at vi kan love gjenbesøk. Godt!!!
Karakter: S-
Rett og slett. Det er ikkje ein fancy restaurant, og det er høglydt - men, du veit kva du får. Du får god mat på kort tid til ein rimeleg penge i eit fresht lokale. Bra jobba!
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024